- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektro og datateknologi
- Helse og oppvekst - studieførebuande
- Helse- og oppvekstfag
- Kunst, design og arkitektur
- Medium og kommunikasjon
- Naturbruk
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Restaurant- og matfag
- Sal, service og reiseliv
- Studiespesialisering
- Studiespesialisering med toppidrett
- Teknologi- og industrifag
- UPH skulen
- Vaksenopplæring
Om Førde vidaregåande skule
Velkommen til heimesida vår! Førde vidaregåande skule er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum. Vi har høge ambisjonar for læring og utvikling, og vi ønskjer å legge til rette for eit trygt og godt læringsmiljø der du som elev får utvikle deg både fagleg og sosialt.Til alle elevar i 10. klasse som skal søkje skuleplass på Førde vidaregåande skule frå hausten 2024!
Mitt namn er Mats Bryne, og eg er rektor på Førde vgs. Førde vidaregåande skule tilbyr mange forskjellige utdanningsprogram, både yrkesfaglege- og studieførebuande program. Det er veldig viktig at du som skal søkje skuleplass tenker grundig over kva som kan passe best for deg.Aktuelle saker
Takk for besøket under utdanningsval ved Førde vgs!
Har du lyst til å sjå kva hospitantane frå 9. klasse gjorde under utdanningsval ved Førde vgs 18. og 19. mars? Her kan du finne program og foto frå desse dagane.
Utdanningsval 18. og 19. mars ved Førde vgs
Kjære hospitant! Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 12, måndag og tysdag 18.-19. mars. Du vil på denne sida finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen. Det b...
Ønskjer du å vere eksamensvakt våren 2024?
Førde vidaregåande skule treng eksamensvaktar til oppdrag i vår. Eksamensperioden er frå 21.- til 31. mai. Ei vakt varer 5-6 timar, med oppmøte kl. 08:15 i resepsjonen på skulestad Førde på Øyrane.
Vg2 Helseservice på besøk til Åsane vgs
For nokre veker sidan var Vg2 Helseservice frå Førde vgs på besøk til Åsane vidaregåande skule. Målet med besøket var å bli kjend med Vg3 studia som denne skulen tilbyr. Åsane vgs har vg3-tilboda Apotekteknikar, Tannhelsesekretær, og Helsesekretær.
Velkommen til jobbsøkjarverkstad tysdag 13. februar
Jobbsøkjarverkstaden er for deg mellom 15-19 år som leitar etter jobb. Tidspunkt: Tysdag 13. februar kl. 18:00-20:00 på Elvetorget, 3. etasje.
NM i Volleyball for vidaregåande skular
Førde vgs deltok i helga på NM for vidaregåande skule i Stavanger. Gutane fikk ein flott 2. plass og jentene ein flott 3. plass. Vi gratulerer!
Fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter 14. mars 2024
Torsdag 14. mars blir det arrangert fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter. Arrangementet blir lagt til Førde vidaregåande skule. Eivind Husabø, prosjektleiar i Ungt Entreprenørskap Vestland – stiller spørsmål til rektor Mats Bryne, om kvifor elevar ...
Tre elevar ved Førde vgs er kvalifiserte til 2. runde i Kjemi-OL
Fredag fekk Sverre Elveseter Sande, Øyvind Sægrov og Andreas Elveseter Sande utdelt diplom for eit særs godt resultat i 1. runde som kvalifiserte dei til vidare deltaking i konkurransen. Kjemi-OL er ein årleg internasjonal kunnskapskonkurranse der me...
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på besøk til Førde vidaregåande skule
Tysdag 23. januar fekk vi besøk av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun – med følgje. På programmet stod besøk til Helse og oppvekst, og besøk i verkstadar for Byggfag og TIF. Det blei også lagt opp til dialog mellom statsråden og elevar ved skulen.
Ungdata-undersøkinga
Ungdata-undersøkinga vert gjennomført i Vestland blandt elevar i den vidaregåande skulen. Undersøkinga vil gå føre seg på Førde vidaregåande skule i veke 6 og 7. Her finn du meir informasjon om Ungdata.
Til alle elevar i 10. klasse som skal søkje skuleplass på Førde vidaregåande skule frå hausten 2024!
Mitt namn er Mats Bryne, og eg er rektor på Førde vgs. Førde vidaregåande skule tilbyr mange forskjellige utdanningsprogram, både yrkesfaglege- og studieførebuande program. Det er veldig viktig at du som skal søkje skuleplass tenker grundig over kva ...
Tilbod om foreldrekonferanse for Vg1 og Vg2
Velkommen til foreldrekonferanse på Førde vidaregåande skule
Informasjonskveld på Førde vidaregåande skule for elevar og føresette i 10. klasse
I samband med innsøking til vidaregåande skule inviterer vi 10. klassingar med føresette til open kveld, ved skulestad Førde 22. januar, og ved skulestad Mo 25. januar. Det blir informasjonsstand for dei ulike utdanningsprogramma, og høve til å besøk...
Opning av ei spennande elevutstilling 13. januar!
Velkommen til elevutstillinga «I morgon»! Arbeida på utstillinga er laga av elevar ved Førde vgs på Kunst, design og arkitektur og frå Medium og kommunikasjon, og av elevar frå Visuell kunst/kunst fordjuping frå Sunnfjord kulturskule. Utstillinga opn...
Burgartest, vg2 Kokk og servitør
Fredag 15. desember 2023. var Journalist Tobias Lucy og nyheitsredaktør Øysten Silde Frønsdal på besøk til RM kokk og servitørklassen vg2. Faglærer Bodil Erdalsdal hadde i lag med elevane førebudd ei burgeroppgåve, og var klar til testing av tre typa...
Russeforeldremøte for russ på Førde vgs 2024
Føresette til russ ved Førde vidaregåande skule blir invitert til russeforeldremøte onsdag 17. januar kl. 19.00. Det er Førde vidaregåande skule v/ russestyret, leiing og miljøkoordinator som saman med samarbeidspartar i Sunnfjord kommune v/ SLT som ...
Undervisningsevaluering 2023-2024
Førde vidaregåande skule skal gjennomføre undervisningsevaluering i perioden 8.-19. januar. Her finn du meir informasjon om undervisningsevalueringa.
Vaksine som beskyttar mot smittsam hjernehinnebetennelse
Ungdom som ønskjer vaksine må melde i frå til helsesjukepleiar ved Førde vgs. innen 19. – 24. januar. Vaksina er gratis, og blir gitt i skuletida. For meir informasjon kontakt Anita Løkkebø tlf. 414 90 797, og Wenche Bruland tlf. 906 53 449.
Undervisningsstilling TIF
Vi har ledig to stillingar ved avdeling for Teknologi og industrifag. Ei 100% stilling med undervisning på vg1 Teknologi- og industrifag og vg2 køyretøy og Ei 30% stilling med undervisning på vg2 Transport og Logistikkfag.