Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Vaksenopplæring/Agronomutdanning
Fjøs 1024x384

Agronomutdanning for vaksne

Orientering om fagutdanning i landbruket for vaksne. Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr agronomutdanning for vaksne, som er ein kombinasjon av fjernundervisning via Internett og samlingar på Mo.

Organisering

Studiet består av programfaga produksjon og tenesteyting, forvaltning og drift, plante- og husdyrproduksjon, utmark og kulturlandskap og gardsdrift.
I tillegg kjem prosjekt til fordjuping og valfrie programfag, der næringsdrift og økonomi og driftsleiing inngår.

Studiet er i dag lagt opp med ei samling i månaden, frå kl. 10.00 – 19.30 på fredag og kl. 08.00 – 15.30 på laurdag.
Med 18 undervisningstimar pr. samling og 9 samlingar i året, vert det undervist 162 timar pr. år. Dette utgjer omlag 20% av studiet, resten er sjølvstudie og oppgåveløysing over Internett. Skulen tilbyr mat og overnatting på samling.

Agronomutdanning for vaksne gjev kompetanse på Vg2 landbruk og gartnarnæring og Vg3 landbruk etter 2 år. Yrkestittelen for studiet er agronom.
Når ein startar studiet får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Fronter.
Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøver dannar grunnlag for standpunktkarakter. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått.
Desse vert lagt ut i Fronter med innleveringsfrist i god tid før neste samling. Dersom deltakarane ikkje overheld fristen for innleveringa vert oppgåva lukka.
Det er lærarane som underviser på samlingane, som har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i forhold til standpunktkarakter.
I tillegg til Fronter er det kommunikasjon gjennom e-post, telefon eller sosiale media mellom studentane og den einskilde lærar i faget.

For fleire programfag er det praktisk eksamen. Ein legg difor opp til kombinasjon mellom teoretisk undervisning og praktiske øving på samling. Studenten vert trekt ut til eksamen etter gitte kriterium. Det vert tatt opp 15 deltakarar kvart år.

Inntakskrav

Inntakskrav for studiet er fylte 25 år og kompetanse på Vg1 naturbruksnivå eller tilsvarande. For dei som er født og oppvakse på gard, har arbeidd som avløysar, eller driv gardsbruk, vil normalt stette inntakskravet. Dette må dokumenterast frå landbrukskontor. Andre må gjennom ein realkompetansevurdering for inntak.

Det er også høve til å ta studiet som privatist. Då vil innleveringsoppgåvene ikkje vere obligatoriske, men ein må ta eksamen i alle programfag.

Kva kostar studiet?

Agronomutdanning for vaksne har pr. dato ingen kursavgift for dei som har bustadadresse i Sogn og Fjordane. For andre er kursavgifta 8000 kroner pr. år.
Studentane må betale for lærebøker, kopiering og eventuelt mat og overnatting på samlingane. Privatistar må betale eksamensavgift.
Dei frå Sogn og Fjordane som ikkje tidlegare har gjennomført vidaregåande utdanning, har fortrinnsrett til studieplass, og skal heller ikkje betale for lærebøker.

Påmelding

Søknadsfrist 1. april. Søknaden sendast på dette skjema: soknadsskjema.doc PDF document ODT document
Husk å legg ved kopi av vitnemål og attestar.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon kontakt Knut Vebjørnsen på telefon 57 63 71 69, mobil 415 30 735 eller e-post: knut.vebjornsen@sfj.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Vebjørnsen, Knut 1.jpg

Kursansvarleg

Knut Vebjørnsen

knut.vebjornsen@sfj.no

57 63 71 69 / 415 30 735