Mo og Øyrane vidaregåande skule
Rektor Liv Horvei i lag med Anna Johannson, Bjørn Anderson og Pia Westin frå Ösby på besøk på Øyrane.

Rektor Liv Horvei i lag med Anna Johannson, Bjørn Anderson og Pia Westin frå Ösby på besøk på Øyrane.

Besøk frå Ösby

Mo og Øyrane vgs. har hatt besøk av lærarar og administrativt tilsette på Ösby Naturbruksgymnasium i Sverige for å planlegge elevutveksling dei neste tre åra.

Programområda vil, som tidlegare, vere byggteknikk og naturbruk. Ny søknad skal sendast 1. februar, så då står det att å sjå om ein kan halde fram med den vellukka elevutvekslinga dei neste åra. Etter planleggingsmøtet på Mo vart det tid til ei omvising på Øyrane, før retur tilbake til Ösby.

Tips ein ven Skriv ut