Mo og Øyrane vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Bygg- og anleggsteknikk
Vg1 1024x384

Bygg- og anleggsteknikk

Elevane på bygg- og anleggsteknikk har aktive og lærerike dagar både inne og ute, som legg grunnlag for fleire yrkes- og utdanningsvegar. Bygg- og anleggsteknikk er eit godt val om du har praktisk sans, er nøyaktig og har godt handlag. 

Du bør vere sjølvstendig, men bør og kunne arbeide i team, sidan mange bygg- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit.

Bygg- og anleggsteknikk er eit yrkesfag, og Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Aarberg, Ivar Johan

Avdelingsleiar BA og TIP

Ivar Johan Aarberg
ivar.johan.aarberg@sfj.no

57 63 73 06 / 415 30 914

Relaterte lenker