Mo og Øyrane vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Elektrofag
Gut som arbeider med kablar i nettverksskåp.

Gut som arbeider med kablar i nettverksskåp.

Elektrofag

Er du praktisk anlagt og er nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.

Du som vel elektrofag må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere service-orientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn. Utdanningsprogrammet fører fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehald av elektroniske system. Det blir stilt strenge krav til kvalitet, sikkerheit og dokumentasjon.

Elektrofag er eit yrkesfag, og Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller ingeniørutdanning ved høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

På elektroblokka finn du også eit godkjent sertifiseringssenter. Her kan elevar, lærarar og andre ta sertifiseringar innan Microsoft Office og Microsoft Technology Associate. Dersom du ynskjer meir informasjon om sertifisering så kan du ta kontakt med avdelingsleirar Reidun Kristiansen.

Her finn du nettside med informasjon om sertifiseringar (ekstern lenkje)    

 

IMG_2861_1024x768.JPG

Elektro blokka. Fotograf Magne Sellevold.

Tips ein ven Skriv ut