Mo og Øyrane vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Foredling
Foredling 2 1024x384

Foredling

Foredlingsanlegget på Mo er eit anlegg med gode og funksjonelle innreiingar. Anlegget er eit tilbod til småskala matprodusentar som ønskjer å utvikle eigen produksjon. 

Anlegget er tilrettelagt for foredling av både kjøt og fisk, når dette kan skje til ulike tider. Det er utstyrt med hengebane, skjerebord, bandsag, kjøtkvern, kjøthakke og pølsestappar. I tillegg har anlegget ei vakuumpakkemaskin og vekter med utskrift for etikett. Bord og andre apparat er lette å flytte, då dei er utstyrte med hjul. Det er også 2 små kjølerom i tilknyting til anlegget, eit til slakt og eit til foredla varer. Til reingjering og hygiene er det ei oppvaskmaskin og vaskeanlegg for både vask, skumming og desinfisering.

Foredling 1 1024x768.jpg

Pris for leige av foredlingsanlegget

Timepris 250,-
Døgnpris 1200,-

 

Pris forbruksmateriell

Plastposar for innpakking – liten (under 400 mm) 2,- pr. stk
Plastposar for innpakking – stor (over 400 mm) 4,- pr. stk
Vakuumpose - liten (under 200 mm)  3,- pr. stk
Vakuumpose - mellomstor (200-400 mm) 5,- pr. stk
Vakuumpose – stor (over 400 mm) 7,- pr. stk
Underlagsplate for vakuummering 2,- pr. stk
Fôringspose for bakke  8,- pr. stk
Overtrekksklede (kjeledress m.m.) 15,- pr. sett
Forkle 10,- pr. stk
Gummihanskar 5,- pr. par
Steikenett 10,- pr. stk
Klips for pølse 5,- pr. remse
Vask av frakkar (tøy) 15,- pr. stk

 

Foredling 3 1024x768.jpg

 

Foredling 4 1024x768.jpg

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Vebjørnsen, Knut 1.jpg

Kursansvarleg

Knut Vebjørnsen

knut.vebjornsen@sfj.no

57 63 71 69 / 415 30 735