Mo og Øyrane vidaregåande skule
Bilete av Øyrane

Bilete av Øyrane

Ledig undervisningsstilling

Mo og Øyrane vidaregåande skule har ledig undervisningsstilling på vg2 Køyretøy. Søknadsfrist 1.juli

Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, ein skulestad for naturbrukutdanning på Mo og ein skulestad for yrkesfag på Øyrane i Førde sentrum. 

Totalt har skulen om lag 185 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk.

I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord. 

Om stillinga:

Frå 1. august ei ledig stilling som faglærar med undervisningskompetanse for Vg2 Køyretøy i 50% stilling.

Vi søkjer ein person med høg realkompetanse/fagbrev og nyare yrkespraksis innan sitt fagområde.  Ein må kunne undervise både i teori og praksis og følgje opp elevar når dei har opplæring i bedrift.  Det er og ynskjeleg med kompetanse innan tilrettelagt opplæring, gode datakunnskapar og samarbeidsevner.

For fast tilsetjing i undervisningsstilling i programfag krev ein:

  • 4 års relevant yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring.
  • 2 års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande opplæring (t.d. teknisk fagskule).
  • Pedagogisk utdanning (PPU)

For stillinga gjeld:

  • Løn etter tariff
  • Vanlige fylkeskommunale tilsettingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Pensjons- og forsikringsordningar
  • 6 md. prøvetid
  • Krav om politiattest
  • Atterhald om overtalig i Sogn og Fjordane Fylkeskommune

 Lenke til søknadsskjema på www.sfj.no 

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Ivar Johan Aarberg på tlf. 415 30 914.

Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist : 1. Juli 2017

Tips ein ven Skriv ut