Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Naturbruk
Forhausting 1024x384

Naturbruk

Likar du natur og dyr er naturbruk vegen å gå! Mogleheitene vidare er mange og du vil på mange måtar få eit anleis studie. Det er lagt inn mykje praksis og ulike aktivitetar i studiet.

Ved Mo og Øyrane vgs på Mo kan du ta naturbruk (agronomutdanning eller hestefag) og studieførebuande naturbruk. I tillegg kan du ta Vg2 anleggsteknikk.

Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare. Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare.

Utdanningsprogram på Mo

image/svg+xml Vg1 Naturbruk Vg1 Naturbruk, hesteretta Vg2 Landbruk og gartnerinæring Vg2 Heste- og hovslagarfag Vg2 Anleggsteknikk Vg2 Anleggsteknikk byggje på Vg1 Bygg- og anleggsteknikk Vg3 Landbruk (agronom) Vg2+Vg3 Agronomutdanning forvaksne (fjernundervisning/samlingar) Vg3 Naturbruk studieførebuande Ved å gå Vg3 studiekompetanse kan du koma inn på høgskular og universitet

Visst du går Vg3 Landbruk og husdyrhald får du yrkeskompetanse.
Vg3 studieførebuande naturbruk og allmenfagleg påbygging gjev generell studiekompetanse.

Kompetanse og erfaring frå naturbruk kan knytast indirekte inn i ei rekke yrkesområde. Du kan

  • drive gardsbruk
  • starte opp eiga bedrift
  • jobbe som avløysar
  • studere vidare på universitet eller høgskule
  • jobbe som rådgjevar i landbruket
  • jobbe som fagarbeider i barnehage og skulefritidsordning.
  • utdanne deg vidare til sjukepleiar, politi, lærar m.m.

Du får

  • Plantevernsertifikat (naturbruk)
  • Maskinførarteori (naturbruk)
  • Motorsagbevis (naturbruk)
  • Jegerprøven (naturbruk & hest, på fritida)
  • HMS-kurs (naturbruk & hest)
  • Varme arbeid (naturbruk)

Ved å gå anleggsteknikk kan du bl.a. bli:

  • vei- og anleggsfagarbeider eller asfalttør
  • banemontør eller anleggsmaskinfører

Yrkesfagleg fordjuping

På Vg1 og Vg2 naturbruk kan du fordjupe deg i ulike fag. Du lærer om:

  • Plante- og Husdyrproduksjon (hest, sau, kyr, høns)
  • Stell og bruk av hest og hesteanlegg
  • Jakt, fiske og friluftsliv
  • Jordbruk og skogbruk på stort uteområde
  • Forvaltning og drift
  • Bruk og vedlikehald av traktor og maskiner
  • Køyring av truck og gravemaskin

Internat

På Mo er elevane frå mange stader i fylket. Mange vel å bu på skulen sitt internat. Her får du frukost, middag og kveldsmat. I tillegg har du tilgang på eit eige elevkjøkken.

Frå peisestova til skulen

Frå peisestova til skulen

Skulen har fellesareal med TV-rom, peisestove og treningsrom.

Stabburet med driftsbygningen i bakgrunn

Stabburet med driftsbygningen i bakgrunn

Dyr, skogs- og gardsdrift

Mo har eit unikt miljø for deg som vil dyrke interessa for dyr og gardsdrift. Skulen har ein forholdsvis ny fjøs til ku, sau, gris og fjørfe. På garden blir det dyrka potet og ei rekke grønsaker. Grønsakene og blomster blir selde i eige gartneriutsal. Mo har 3000 dekar utmarksareal som er eigna for jakt , fiske og friluftsliv.

Frå ungdomscampen

Frå ungdomscampen

I tillegg har skulen et foredlingsanlegg for kjøt og fisk som blir brukt i undervisninga.

Undervisninga er praktisk retta med deltaking i ulike aktivitetar gjennom året. Elevane på Naturbruk får utskreve bevis for dokumentert opplæring i bruk av motorsag.

Bruk av motorsag

Bruk av motorsag

Opplæring i traktorkøyring er ein del av opplæringa.

Øvelsekøyring med Hermund Solheim

Øvelsekøyring med Hermund Solheim

I tillegg er det utferder og ekskursjonar.

Utferd til Bødalen i Nordfjord

Utferd til Bødalen i Nordfjord

Hest på Mo

Er du spesielt interessert i hest, har du mogelegheit å kombinere ei utdanning med hobbyen din. Skulen har stallplass slik at du kan ha med deg eigen hest. Det er tilgang på ridebane, travbane og hinderløype. Det er også planer om bygging av ridehall. Etter to år på Mo har du mogelegheit til å gå ut som lærling i hest og hovslagarfaget.

Lærling Trine Lillestøl Paulsen

Lærling Trine Lillestøl Paulsen

Dersom du vil vite meir om naturbruk kan du kontakte skulen, tlf.: 57 63 73 00.
Det går fint an å avleggje skulen eit besøk og sjå kva vi driv med!

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Norddal

Avd.leiar Naturbruk

Ole Johan Norddal
Ole.Johan.Norddal@sfj.no
57 63 71 53 / 952 44 041

Relaterte lenker