Mo og Øyrane vidaregåande skule/Om oss/Om skulen
Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Om Mo og Øyrane vidaregåande skule

Midt i Sogn og Fjordane, i Førde kommune, ligg Mo og Øyrane vgs. Skulen var opprinneleg to skular, Mo og Jølster vgs, avd. Mo og Øyrande vgs., som ved skulestart 2014 vart slegen saman til ein felles skule. Skulen vår er geografisk todelt, med ei avdeling på Mo og ei avdeling på Øyrane i Førde sentrum.

Mo og Øyrane  – spennande og utfordrande

Mo og Øyrane vidaregåande skule er ein spennande skule og ein utfordrande arbeidsplass. Tilbodet vårt femner om eit fagleg mangfald frå grunnleggjande yrkesutdanning i kombinasjon med allmennfag til fagutdanning på eit høgt nivå og studieretning for naturbruk. Mo og Øyrane er ein vidaregåande skule i utvikling der nye tilbod vert arbeidd fram i nært samarbeid med næringslivet i fylket. På skulen møtest unge menneske av begge kjønn frå alle kantar av fylket. Alle kjem dei med forventningar til skulen vår som ein læringsarena og som ein sosial møtestad.

Læringsarena og møteplass for ungdom

Skulen vår vert ein smeltedigel der ungdom i møte med personalet vårt skal få med seg nyttig lærdom vidare i livet. Denne lærdommen skal gje elevane våre både ei teoretisk innføring i nye fagområde, ei fordjuping i frå før kjende fagfelt og ei praktisk utføring av yrke. I tillegg til den faglege sida ved skulearbeidet tel det sosiale samværet med andre menneske mykje. Det gode samspelet mellom skulepersonalet og eleven og mellom elevar innbyrdes har mykje å seia for eit positivt skulemiljø. Elevar som trivst, lærer best.

Læring og trivnad

På Mo og Øyrane vidaregåande skule ligg det på alle måtar til rettes for å skapa eit godt og triveleg skulemiljø. Dei fysiske tilhøva i eit nytt anlegg har fått ei utforming som stimulerer til læring. Utstyrsmessig ligg skulen langt framme, og når vi i tillegg har dyktige lærarkrefter, vil det vera mykje opp til elevane sjølve å gjera det beste mogeleg ut av opphaldet ved skulen vår. På skulen møtest elevar på tvers av dei 7 studieretningane våre anten dei går på naturbruk, byggfag, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag eller service og samferdsle.

Tips ein ven Skriv ut