Mo og Øyrane vidaregåande skule
seniornett1

Seniorar fekk nyttig innføring i smarttelefon på Mo og Øyrane

Med 3 grupper over to dagar gav Aleksander og Benjamin frå klasse 2DEA 46 medlemmer frå Seniornett Førde ei meiningsfull innføring i smarttlefonens fortreffelgheiter.

Med god støtte frå Bernhard Kainz var dei innom det meste både om oppsett, e-post, nyttige appar og andre moglegheiter som ligg i desse «dingsane».

I vårprogrammet vårt hadde vi lagt inn kurs i smarttelefon. Tidlegare år hadde vi hatt hjelp av kursavdelinga i Telenor til dette, men slike kurs tilbyr ikkje Telenor lenger. Vi fekk derfor eit problem med å finne nokon som kunne hjelpe oss.  Redninga vart å ta kontakt med Øyrane vdg. med håp om at skulen kunne gjennomføre eit slikt kurs.  Og der var det berre velvilje ved første kontakt.  Anne Grethe Andersen, kontaklærer i 2DEA, syntest dette kunne vera ei fin oppgåve for elevane på Data og elektronikk.  Vi sette opp ei liste med stikkord over kva vi meinte våre seniorar burde få ei innføring i, og på kort varsel laga skulen eit strukturert program for kursdagane.

Nokre av våre medlemmer meinte at programmet hadde altfor mange tema for eit kurs på snautt to timar.  Det viste seg at dette var ugrunna frykt.  Dei to elevane frå 2DEA, Aleksander og Bejammin, med god støtte frå Epedagog Bernhard Kainz, gjennomførte heile programmet på ein instruktiv og forståeleg måte.  Ja faktisk betre og betre for kvar av våre 3 grupper.  Enkelte deltakarar, som ennå ikkje hadde smarttelefon, vart så inspirerte at dei drog rett av garde og skifta til smarttelefon.

Kvar gruppe fekk ei grunnleggande innføring i standardappar på telefonen: Ringe, legge inn kontaktar, sende SMS, ta bilde og ikkje minst finne att bilda og lagre dei sikkert på eksternt medium eller ved skylagring. Kople seg på nettet med ulik innstilling, der forskjellen mellom WiFi-tilkopling og mobildata vart grundig forklart. Vidare viste Aleksander og Benjamin oss ulike e-posttilbydarar og e-postappar (gmail, outlook, apple).  Nettbank og mobilbank vart gjennomgått og forklart, og i tillegg vipps som dei fleste alt er godt kjende med. Ulike typer skylagring fekk vi demonstrert, og kva fordelar som ligg i dette.  Sosiale medium var naturlegvis på programmet, og nytt for dei fleste var «Messenger», som på mange måtar er betre å bruke enn SMS/ MMS, m.a. med høve til videosamtale og enkel oppsett av gruppesamtale. Instagram og snapchat var vi også innom.

seniornett2

I etterkant av desse kursdagane blir det å repetere og repetere for å vedlikehalde ny kunnskap før alt glir ut av korttidsminnet. Ein nyttig app i den samanheng var «Quick-support», som gir høve til å kople ein ekspert til vår telefon og såleis få hjelp til opprydding og korrigering om alt skulle skjere seg.

Konklusjon: Svært nyttige kursdagar der det meste vart presentert på forståeleg vis både med bilde og forklaringar.  Fleire av vår medlemmer meinte kurstimane gav større utbytte enn Telenor sitt kursopplegg. Så takk til Mo og Øyrane vgs. ved Aleksander, Benjamin, Bernhard og Anne Grethe.

Egil Nestande

https://www.seniornett.no/

Tips ein ven Skriv ut