Mo og Øyrane vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Service og samferdsel
Gut i arbeid på butikk får instruksjon av tilsett i butikk med frukt og grønt.

Gut i arbeid på butikk får instruksjon av tilsett i butikk med frukt og grønt.

Service og Samferdsel

Mo og Øyrane tilbyr fylkesdekkande YSK utdanning i Service og samferdsel. Eleven får både fagbrev og studiekompetanse etter 4 år.

Dette gjer at du har alle moglegheiter opne anten du ynskjer å fortsetje i bedrift eller om du vel å ta vidare utdanning på høgskule eller universitet.  

Service og Samferdsel er eit yrkesfag, og Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

 

Mo og Øyrane tilbyr fylkesdekkande YSK utdanning. Skulen og næringslivet i Sogn og Fjordane har gått saman om å opprette ei ny attraktiv utdanning. Yrkes og studiekompetanse på 4 år. Vi tilbyr eit eit breitt spekter av jobbar innan kontor og salsfaget.

Du må vere interessert i sal, marknadsføring, økonomi, sikkerhet, administrasjon med meir. Du må trivsast med å arbeide med menneske og drive service. Du vil få ein variert kvardag med mange spanande oppgåver og du vil få praksis som er relevant til utdanninga di.

I løpet av utdanninga vil du vere i praksis kvar veke i bedrifta du har fått avtale med. Kva fagbrev du får etter endt utdanning vil vere avhengig av kva bedrift du har avtale med.

Kvifor velje YSK?

  • I løpet av fire år får du fagbrev, studiekompetanse og minimum 360.000,- i løn. I tillegg kan du søke stipend frå Lånekassen som vanleg.
  • Du vert svært attraktiv i arbeidsmarknaden og kan få gode jobbar. Samtidig er du fullt kvalifisert for høgare utdanning. For eksempel BI, NHH, universitet og høgskular.
  • Kundeservice, marknadsføring, it og økonomi er fag som ein nyttar i eit breitt spekter av yrke.
  • Du har gode moglegheiter for å få sommarjobb

Du søker skuleplass i Vigo som ordinært. I tillegg må du velje lærebedrift, det gjer du vi eigen link på denne sida.

Oversikt over bedrifter du kan søke finn du her (lenkje til dokument)

Du søkjer bedrift ved å svare på skjemaet i denne lenkja (ekstern lenkje)

Oversikt over bedrifter som er med i 2017:

Bedrift

Lærefag

nettadresse

Coop

Salsfaget

Coop.no

Magne Aase AS

Salsfaget

magneaase.no

Sparebanken Sogn og Fjordane

Salsfaget

ssf.no/

Spar Kjøp AS

Salsfaget

sparkjop.no

Bohus Møbelhuset AS avd. Førde

Salsfaget

Bohus.no

Farsund Bygg

Salsfaget

xl-bygg.no/farsund

Pro opplæringskontor

Kontor- og administrasjonsfaget

pro.sf.no

Neumann bygg

Salsfaget

Neumann.no

Byggmakker Bruland

Salsfaget

Byggmakker.no

Toyota

Salsfaget

toyota-nf.no

Telehuset

Salsfaget

telenor.no

Marcel

Salsfaget

Marcel

Sunnfjord Folkehøgskule

Kontor- og administrasjonsfaget

sunnfjord.fhs.no

Norsk Gjenvinning

Salsfaget /Kontor og Administrasjonsfaget

Norskgjenvinning.no

Lotteri og Stiftelsestilsynet

Kontor- og administrasjonsfaget

Lottstift.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar elektrofag- og service og samferdsle

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@sfj.no

57 63 74 04 / 916 94 011

facebook logo.png 

Mo og Øyrane Elektro

Relaterte lenker