Mo og Øyrane vidaregåande skule
utdanningsval2

Velkommen til utdanningsval 29.10 - 30.10

Vi ynskjer med dette 190 elevar frå 20 ulike skular, velkomne til hospitering i forbindelse med utdanningsval.

Oppmøte på Mo er 08:30 og Øyrane er 08:20.

Vi vil med dette ynskje deg velkomen til utdanningsval ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i perioden 29.10 - 30.10.
Elevar som skal ha utdanningsval på Bygg og Anlegg skal vere heile veka på vår skule. 

Kompetansemåla som du skal kjenne til i kvart av utdanningsprogramma, vil vere noko styrande for kva du kjem til å oppleve hos oss desse dagane. Det vert vektlagt å utøve praktisk arbeid i lag med teoretisk forklaringar. 

Program for skulestad Øyrane

Måndag 29. oktober

08.20 - 08.35: Fellessamling for alle i kantina på skulen.
08.35 - 09.00: Opprop og fordeling til programområda
09.00 - 15.00: Arbeid og informasjon på programområda

Tysdag 30. oktober

08.20 - 15.00: Oppmøte på programområde frå dagen før. Nærare avtale vert gjort på mandagen

Oppmøte for elevar Bygg og anleggsteknikk 31.okt – 2.nov vert gjort avtale om  før dag slutt

Praktisk informasjon

  • Pausar oa. vert etter avtale med med ansvarleg lærar
  • Kantina er open alle dagar om du ikkje vil ha niste eller drikke med.
  • Elevar på Restaurant og matfag vil få mat på avdelinga (som dei sjølve har laga)

​Program for skulestad Mo (naturbruk)

Måndag 29. oktober

08:30 - 12:00: Fellessamling med opprop i Hallen med introduksjon om Naturbruk
​12:00 - 12:30: Lunsj
​12:00 - 15:05: Fagleg innhald på avdelinga

​Tysdag 30. oktober

​08:20 - 12:00: Fagleg innhald på avdelinga 
​12:00 - 12:30: Lunsj
​12:00 - 14:30: Fagleg innhald på avdelinga

Praksisk informasjon:

​Alle må ha med varme klede å vere ute i, regntøy og støvlar. 

Dersom du har valt Hest kan du i tillegg ta med: 

  • ​Ridehjelm (dersom du ikkje har, kan du få låne på skulen)
  • ​Sko med Hæl/ridestøvlar + evt. varmare sko til køyring
  • ​Evt. ridebukse

Velkommen til dagar med refleksjon og bevisstgjering. Opplevingnane vil kunne vere nyttig å få med seg, når du skal søkje vidare skulegang i den vidaregåande skulen

Tips ein ven Skriv ut