Mo og Øyrane vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/FYR

FYR på Mo og Øyrane vgs

FYR står for fellesfag, yrkesretting og relevans og er ei satsing retta mot elevar på yrkesfag. Mo og Øyrane vgs har vore knutepunktskule i Sogn og Fjordane.

 

Målet med FYR er at elevane skal oppleve at undervisninga er relevant og retta inn mot programfaget. Det handlar om at undervisninga skal vere retta inn mot eit framtidig yrkesliv, men også det å vere eit menneske i eit samfunn.

Døme på slik undervisning er å ta i bruk mengde og blandingsforhold enten det er knytt til kjøkken eller verksstad. Norskfaget bidrar i alle situasjonar der ein treng lese- og skrivedugleik. Mange elevar har til dømes dokumentert praksisperioden ved å nytte blogg. I engelsk nyttar ein verkstaden i munnlege instruksjonar og framlegg. I naturfag har ein mellom anna fokus på avfallshandtering knytt til programfaga.

«Med yrkesretting av fellesfagene menes at fagstoff, læringsmetoder og vokabular som brukes i undervisningen av fellesfaget, i størst mulig grad skal ha relevans for den enkeltes yrkesutøvelse. Yrkesrettingen innebærer også å forklare hvordan kompetanser fra fellesfaget blir brukt og kommer til nytte i opplæringen i programfagene og i yrkesutøvelsen innenfor de relevante yrker.»

Kjelde: regjeringen.no

I praksis vil yrkesrettinga bety at ein ser på kompetansemål i yrkesfag og fellesfag i samanheng, og på grunnlag av dette innrette lærestoff og arbeidsmåtar i fellesfaga inn mot yrkesfaga. Yrkesretting vil også innebere å samarbeide på tvers av fag om utvikling av dei grunnleggande dugleikane. 

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker