Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Fylkesmeisterskap BUA

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Opplæringa kvalifiserer for arbeid med born i barnehage, SFO og klasse 1-4 i grunnskulen.

I tillegg er ein kvalifisert for arbeid med ungdom innan ulike offentlege og private tiltak.

Dersom du vel vg2 Barne og ungdomsarbeiderfag må du like å arbeide med born og ungdom. Du må vere open, fleksibel og like å samarbeide med andre. Du må kunne kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og ulik livssituasjonar. Du må være sjølvstendig og ansvarsbevisst. 

I opplæringa får ein bruk for kreative og estetiske evner og interesser. 

Delar av opplæringa kan organiserast som elevbedrift.

Som barne- og ungdomsarbeider planlegg og gjennomfører du ulike pedagogiske aktivitetar for born og unge som bidreg til å stimulere til vekst og utvikling. 

vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag har følgande programfag: 

Pedagogisk arbeid
I dette faget lærer du blandt anna om barn og unges leik, læring og utvikling

Kommunikasjon og samhandling
I dette faget lærer du blandt anna om kommunikasjon og samarbeid med born, unge, kollegaer og føresette i ulike livssituasjonar. Det handlar om tverrfagleg samarbid og relasjonskompetanse med born og unge både i grupper og individuelt. 

Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeiderfag
I dette faget lærer du om krav og utfordingar du møter i fagområde innan barne- og ungdomsarbeiderfaget. 

Yrkefagleg fordjuping
I yrkesfagleg fordjuping vert du kjent med fagområde innan barne- og ungdomsarbeiderfaget. Dette faget vert primært gjennomført som praksis i bedrift. 

 

Ved fullført Vg2 er ein kvalifisert for å søkje vidare opplæring:

  • læretid i bedrift i Barne- og ungdomsarbeiderfaget
  • påbygg til generell studiekompetanse

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar HO, EL, SS

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 91694011

Relaterte lenker