Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg2 Ambulansearbeidarfag
Ambulansearbeidar

Ambulansearbeidar

Vg2 Ambulansearbeidarfag

Delar av opplæringa føregår i regi av Ambulansetenesta Helse Førde, med tilgong til det mest moderne av akuttmedisinsk teknisk utstyr, og opplæring i ambulansekøyretøy. HO nyttar ambulansetenestene i heile fylket som arena for praksis.

I tillegg deltek elevane i krise- og beredskapsøvingar i Indre Sunnfjord.

Utdanninga føreset sterk fysikk og psyke, og elevane må bestå fysiske og psykiske testar for å kvalifisere seg til lærekontrakt. Du må også ha gode samarbeidseigenskapar og samstundes arbeide sjølvstendig. Du må vere flink til å kommunisere emd kollegaer og pasientar. Du må være ansvarsbevisst og ha evna til å ta raske beslutningar og kunne takle stressande situasjonar. 

vg2 Ambulansefag har desse programfaga: 

Ambulansemedisin
I dette faget lærer du blandt anna om sjukdom og skader hos pasientar, behandling av pasientar før dei kjem til sjukehus/lege. Du lærer om skadar og sjukdom hos pasienter og handtering av desse med medisinering. 

Kommunikasjon og samhandling
I dette faget lærer du om samhandling med pasientar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper.

Yrkesliv i ambulansefag
I dette faget vert du kjent med krav og utfordringar du møter som ambulansemedarbeider. Du vert kjent med organisering og oppbygging av ambulansetenester og andre naudetatar. Du lærer om ulike medisinsk teknisk utstyr og handtering av desse. 

Yrkesfagleg fordjuping
I faget Yrkesfagleg fordjuping vert du meir kjent med fagområdet innan ambulansefag. I tillegg til kroppsøving 2 timar pr veke, er det lagt inn ekstra treningsprogram i Yrkesfagleg fordjuping. Elevane bør gjennomføre ein del eigentrening i tillegg som førebuing til testane.

Her finn du presentasjon av vg2 Ambulansearbeiderfag gjort av elevane ved linja

Ved fullført Vg2 er ein kvalifisert til å søkje vidare opplæring:

  • Opplæring i bedrift i Ambulansearbeiderfag
  • Opplæring i bedrift i Portørfaget
  • vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar HO, EL, SS

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 91694011

Relaterte lenker