
Vg1 Resturant- og matfag
På Vg1 restaurant- og matfag lærar du grunnteknikkar innan matlaging, baking, servering og arbeid med kjøtt og fisk. I faget yrkesfagleg fordjuping vil du vere ute i praksis i yrket ein ynskjer å fordjupe seg i, i løpet av skuleåret.
Det er mange ulike yrke innanfor kokk-, servitør-, fiske-, kjøtt-, bakar- og konditorfag i tillegg til matindustrien.
Vg1 Restaurant og matfag dannar grunnlag for fagbrev/svennebrev innanfor 12 yrke . Desse yrka er:
- Institusjonskokk
- Kokk
- Servitør
- Bakar
- Konditor
- Slaktar
- Kjøttskjerar
- Pølsemakar
- Butikkslaktar
- Sjømathandlar
- Fagarbeidar, sjømatproduksjon
- Fagarbeider, industriell matproduksjon
Etter fullført Vg1 kan du halde fram med dette programområde hos oss:
-
Vg2 kokk- og servitøfaget
Restaurant og matfag passar for deg som er glad i halde på med mat, er kreativ og kan ta ansvar for andre menneske si mat og helse. For å kunne kalle deg ein fagarbeidar må du bestå ei fagprøve/svenneprøve etter avslutta opplæring (4 år).