
Vg2 Kokk- og servitørfag
På Vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk og servitørfaget. I faget Yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eit av dei tre yrka, kokk, institusjonskokk og servitør, i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.
For dei som har lyst til å utfordre seg sjølv, har skulen eit samarbeid med den spanske skulen La Flota i Murcia. Her er det mogleg å søkje utplassering på restaurantkjøkken i 2.termin.
På slutten av skuleåret skal du opp til ein praktisk/munnleg eksamen.
Etter Vg2 kan du velje å gå ut i lære i desse faga:
- Institusjonskokkfaget
- Kokkfaget
- Servitørfaget
Viktig å tenkje på
Du bør ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske, både skriftleg og munnleg. Tåle å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.