Sveising

Fylkesmeisterskap i yrkesfag og Fylkesmesse for ungdomsbedrifter

Mo og Øyrane vgs stilte opp med fleire deltakarar då fylkesmeisterskapen i yrkesfag vart halde på Eid vgs torsdag 14.2. 
​Elevar frå Mo stilte opp med ungdomsbedrift i fylkesmessa for ungdomsbedrifter. 

Det var 35 deltakarar frå skulen som deltok i 13 ulike fag i forbindelse med fylkesmeisterskapet. Samme dag deltok Agruskog UB på fylkesmessa for ungdomsbedrifter.

Takk for innsatsen til alle som var med å gjorde dagen svært spanande. Ein stor gratulasjon til De som drog i land seieren på vegne av Mo og Øyrane vgs: 

Ruben Svelling Ask - Anleggsmaskinførar
Sander Osland - Bilskade, lakk og karroseri
​Henrik Heimtun - Manuell maskinering
Mathea Førde Mosesen - Salsfaget
Synnøve Aaberg Skjærli - Salsfaget
​Rebecka Nedrebø - Salsfaget
​Henrik Ramstad Nedrebø - Salsfaget
​Anna Milde - Servitørfaget
​Yukari Ferdandes - Servitørfaget
​Ivar Gjelsvik - Sveisefaget. 

 

I fylkesmessa for ungdomsbedrifter vann Agriskog UB 1.plass i klassa "beste rekneskap" og 2.plass i klassa "beste produkt"

 

Gratulerer!

Tips ein ven Skriv ut