Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Ledig stilling som lærling i Byggdriftarfaget

Sogn og Fjordane fylkeskommune, bygge- og eigedomstenesta, har ein stilling ledig i Sogndal for lærling i byggdriftarfaget frå august 2019.

Du er ein person som likar eit hektisk arbeidsmiljø, tek initiativ, søkjer informasjon og likar utfordrande arbeidsoppgåver. Vi kan tilby deg variert og allsidig opplæring og praksis i samsvar med læreplanen for faget.

Arbeidsstokken i fylkeskommunen skal spegla mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå ein balasert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Kvalifikasjonar:

  • Bestått Vg1 i Bygg- og anleggsteknikk. Det er også mogeleg å søkje om du har bestått Vg1 og Vg2 i anna studieretning, til dømes elektrofag.

Vi vektlegg:

  • Serviceinnstilling, samarbeidsevne og god kommunikasjon
  • Motivert og engasjert
  • God IKT-kunnskap
  • Systematisk og nøyaktig
  • Evner til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • Vilje til å stå på

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande tariffavtale for lærlingar
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i høve læreplanen
  • Stimulerande og godt arbeidsmiljø

Arbeidsstad: Sogndal

​Søknadsfrist 10.mars

 

Her finn du annonsen på fylkeskommunen sine heimesider

 

Tips ein ven Skriv ut