Mo og Øyrane vidaregåande skule
Elektro blokka

Ledig undervisningsstilling

Mo og Øyrane vgs har ledig undervisningsstilling på elektro. Søknadsfrist 15.12

Vi søkjer ein person med kompetanse med hovudvekt på automasjon på Vg1 og Vg2 nivå ved elektro. Ein må kunne undervise både i teori og praksis i faget og ha ansvaret for å følgje opp elevar. Det er ynskjeleg med kompetanse innan tilrettelagt undervisning og gode samarbeidsevne. Det er ein fordel med praktisk erfaring og utdanning innan fleire felt i elektrofag.

Personlege eigenskaper:

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evne til å samarbeide og dele
  • Evne til å skape tillit og ha god relasjon med andre
  • Evne til å reflektere og forbetre eiga undervisning
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Krav om kompetanse:

  • Høgare utdanning innan Elektro (Bachleor eller tilsvarande) med fokus på automasjon
  • Fagbrev innan elektrofag/automasjon
  • Gode tekniske og faglege ferdigheiter
  • Kunne beherske IT og relevant programvare
  • Pedagogisk utdanning (PPU/PPY)

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Reidun Kristiansen, tlf 91694011

Du finn meir om stillinga, samt søknadsskjema på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine heimesider. 

Tips ein ven Skriv ut