Mo og Øyrane vidaregåande skule
1HOB

1HOB på Helsetunet i Førde

Her for nokon veker sidan var vg1 HOB på Skjerma eining på Helsetunet i Førde for å gjere det litt fint for brukarene der.

Dei har på skjerma eining eit stort område/hage der dei kan gå ute, som også er skjerma. Vi skulle ordne bed. Vi luket godt i bedene og  plantet flott lyng som vi hadde fått sponsa av Plantasjen. Nokon elever plata, mens andre gjekk tur med brukarene. Så etter ein stund ble det skiftet. Vi var der ein heil ettermiddag. Lærar Tom Stigen følte at både brukarene men ikkje minst elevane fekk eit svært godt utbytte av det som ble gjort. Helsetunet skrøt mye av elevane, og Tom fortalte at han var svært stolt av elevane sine. Dei gjorde ein god jobb. Det vart kopla opp til kompetansemål både i yrkesutøving og kommunikasjon og samhandling.

 

Bilde 1_1024x768.jpg

bilde 2_1024x768.jpg

Tips ein ven Skriv ut