Ungdommar med bowlingkuler i bowlinghall

Ungdommar med bowlingkuler i bowlinghall

Aktivitetar - tiltak for god psykisk helse

Kvar torsdag i vår har elevane på Mo og Øyrane vgs kunne meldt seg på aktivitet om torsdagane, det har vert god påmelding og totalt har vi hatt med 111 ungdommar. 

Aktivitetane vi har tilbydd har vert klatring, bowling, matlagingskurs med Linda Stuhaug, Paintball og Gokart. Miljøkoordinator har vert arrangør og med på aktivitetane. Vi har kunne tilbydt kjekke aktivitetar fordi Vestland fylkeskommune satsar på gode psykososiale tiltak for elevane. I tillegg til aktivitetar om torsdagane har vi hatt ope på Løa kvar tysdag i skuleåret frå kl 15-20, dette er eit ope hus der du kan kjøpe deg billeg middag, vere sosial, spele og mykje meir. Tilbodet er godt brukt og er viktig. Løa er open for elevar både på Mo og Øyrane og Hafstad vgs og er eit tilbod som vert drifta i samarbeid mellom miljøkoordinatorane på skulane,  utekontakten i Sunnfjord kommune og Skrivarløa ungdomshus.

 

Mange ungdommar har blitt sittande mykje heime no i pandemien og vi ønskjer å komme med gode tilbod og arenaer for å komme seg ut og treffe andre. Vi ønskjer å vere med å bygge god psykisk helse og motverke einsemd hjå elevane våre gjennom å ha tilbod også utanfor skuletida.

 

Til hausten fortset vi med både Løatysdag og aktivitet ein dag i veka, kjekt!

ulike bilder frå Gocart

bilder med ungdom i klatrevegg

ulike bilder, raudt hus, personar med munnbind

Ulike bilder med vaflar, matlaging med ungdom

ei rekkje med ungdommar med paintballutstyr