plantevern - eksamensdag
plantevern - eksamensdag

Autorisasjonskurs i plantevern - eksamensdag

Mo er tildelt ansvaret for å arrangere eksamensdag i plantevern for dei som tek autorisasjonseksamen for første gong i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Ordninga er slik at deltakarane som går på plantevernkurs i regi av Norsk Landbruksrådgjeving Vest SA, rundt omkring i distriktet, kjem til Mo den siste kursdagen. På Mo er det i tillegg til undervisning innlagt funksjonstesting av sprøyteutstyr og eksamen. For å halde kursavgifta nede er det viktig med tilskot til desse eksamensdagane. Det er lagt opp til to slike eksamensdagar i februar/mars 2021. 

Del dette:

Relaterte lenker