skadedyr
skadedyr

Autorisasjonskurs i smågnagemiddel

Det er viktig å ha miljø- og helsemessig fokus både når det gjeld førebyggande- og direkte tiltak mot smågnagarar på ein landbrukseigedom. Kurset er for eigar og/eller leigar av landbrukseigedom. Målet med kurset er å kunne bekjempe smågnagarar (mus og rotteproblematikk) på garden. Føresetnaden for deltaking på kurset er at ein har godkjent autorisasjonskurs i bruk av plantevernmiddel. Kurset er på ein dag (6 timar) og gir autorisasjonsbevis for kjøp og bruk av gnagemiddel som krev særskild autorisasjon etter forskrift om plantevernmiddel §8a. Kurset vert avslutta med evaluering og eksamen.  Det er Fylkesmannen si landbruksavdeling som har ansvar for eksamensavviklinga. Undervisningsmateriell: Kompendium frå Folkehelseinstituttet. Inntil 20 deltakarar pr. kurs.

Del dette:

Relaterte lenker