Tilsette frå Mo og Øyrane på Erasmus samling i Litauen.

Tilsette frå Mo og Øyrane på Erasmus samling i Litauen.

Avsluttande møte Erasmus+

Etter fem samlingar er no den formelle delen av Erasmus+ ecvet prosjektet om naturbruksprogram fullført.

Det har vore samanlikning av læreplaner og erfaringsutveksling, vi har besøkt dei respektive skulane og vi har oversatt alle planar frå eige språk til engelsk og til våre eigne respektive språk.

På den formelle avsluttande samlinga i Litauen held alle landa kvar si presentasjon foran ein fullsatt hall og leiar for Ecvet i Litauens undervisningsdepartement var til stede og held ei takketale til deltakarane. Han påpeika at no var berre halve jobben gjort. Neste steg vert å få elevar til å reise ut i 2-3 vekers perioder for å lære. Han presiserte at sjølv om mykje fagleg er flott måtte vi hugse at det er like viktig med den kulturelle og sosiale utviklinga som kvar elev får ved slike opphald.

«Livslang læring.»

I løpet av besøket i Litauen fekk vi sett litt av dei bedriftene og samarbeidspartnarane som skulen i Joniskis har tett kontakt med og som kan vere aktuelle for elevar å arbeide ved i løpet av prosjektet.

Erasmus samling2.jpg

Meieribesøk.

Erasmus samling3.jpg

Besøk på Dolomittforekomst.

Erasmus samling4.jpg

Besøk i park for «Restaurering av villmark». 

Erasmus samling5.jpg

Presentasjon av Mo og Øyrane vgs.