Barne- og ungdomsarbeidarfag
Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2021/2022 fagutdanning i Barne- og ungdomsarbeidarfag for vaksne.
Inntakskrav for studiet er fylte 25 år og kompetanse på Vg1 HO. Dersom du ikkje har godkjend vg1 HO, vil du kunne bli vurdert i høve individuelt tilpassa opplæringsløp.
Oppstart
Samlingar vert haldne i skulen sine lokalitetar på Øyrane.Ved studiestart får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Teams og andre programvare knytt til fagområdet.
Læremiddel, pc (utlånsavtale) og reiseutgifter er gratis.
Innhald og organisering
Studiet inneheld programfaga Kommunikasjon og samhandling, Helsefremjande arbeid, Yrkesliv i Helse og oppvekstfag og Prosjekt til fordjuping.
Studiet vil som hovudregel bli organisert med undervisningstid frå kl. 08.20 – 15.10 på virkedagar nokre dagar i veka. Ein må rekne med ein god del tid til sjølvstudium og oppgåveløysing.
Praktiske øvingar, Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøvar dannar grunnlag for standpunktkarakter og framovermelding. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Oppgåvene vert lagde ut i Teams med innleveringsfrist. Lærarane som underviser har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i høve til standpunktkarakter.
Praksiskandidatar skal ikkje ha standpunktkarakter.
I tillegg til Teams, føregår kommunikasjon mellom studentane og den einskilde lærar i faget gjennom e-post og telefon.
Dei dagane det er undervisning på Øyrane, vil ein kunne kjøpe mat og drikke til rimeleg pris i kantina.