Barne- og ungdomsarbeidarfag

Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2021/2022 fagutdanning i  Barne- og ungdomsarbeidarfag for vaksne.

Inntakskrav for studiet er fylte 25 år og kompetanse på Vg1 HO. Dersom du ikkje har godkjend vg1 HO, vil du kunne bli vurdert i høve individuelt tilpassa opplæringsløp.

Oppstart

Samlingar vert haldne i skulen sine lokalitetar på Øyrane.Ved studiestart får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Teams og andre programvare knytt til fagområdet. 

Læremiddel, pc (utlånsavtale) og reiseutgifter er gratis.

Innhald og organisering

Studiet inneheld programfaga Kommunikasjon og samhandling, Helsefremjande arbeid, Yrkesliv i Helse og oppvekstfag og Prosjekt til fordjuping. 

Studiet vil som hovudregel bli organisert med undervisningstid frå kl. 08.20 – 15.10 på virkedagar nokre dagar i veka. Ein må rekne med ein god del tid til sjølvstudium og oppgåveløysing.

Praktiske øvingar, Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøvar dannar grunnlag for standpunktkarakter og framovermelding. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Oppgåvene vert lagde ut i Teams med innleveringsfrist. Lærarane som underviser  har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i høve til standpunktkarakter.

Praksiskandidatar skal ikkje ha standpunktkarakter.

I tillegg til Teams, føregår kommunikasjon mellom studentane og den einskilde lærar i faget gjennom e-post og telefon.

Dei dagane det er undervisning på Øyrane, vil ein kunne kjøpe mat og drikke til rimeleg pris i kantina.

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar helse- og oppvekstfag

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 91 69 40 11

Relaterte lenker

Nærare informasjon om opplæringa og søknad til kurs finn du på denne lenkja til Opplæringsavdelinga.