Mo og Øyrane vidaregåande skule
personer i blå skjorter

personer i blå skjorter

Besøk av Delta og Kjetil Andre Aamot

Den 29.september hadde Mo og Øyrane vgs besøk av Delta og Kjetil Andre Aamot. Dei hadde med seg viktige budskap til elevar og tilsette ved skulen. 

Representant frå Delta fortalte om viktigheita av å være organisert. Og kva fordeler ein har ved å være organisert. 

Kjetil Andre Aamot fortalte ein del om si historie som toppidrettsutøvar og  om korleis ein kan nå sitt potensiale.

Elevane kunne også besøke standen til Delta i kantina både før og etter foredraget. 

Tusen takk til Delta og Kjetil Andre Aamot som tok seg tid til elevane våre og komme med sine viktige budskap. 

person frå Delta

to personer i Auditoriumet

presentasjon