Helene Thomasen, Odd Helge Vågseth, Tove Nedrebø og Eirik Skaar Døskeland

Helene Thomasen, Odd Helge Vågseth, Tove Nedrebø og Eirik Skaar Døskeland

Besøk på skulen frå SLT

I dag har vi hatt besøk av representantar frå SLT på skulen.

 Sunnfjord kommune er ein SLT kommune, SLT står for samordning for lokale førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som finnst hjå kommunen og politiet blir samkøyrte og målretta. SLT modellen skal samordne rus og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge. Målet er at kommunen sine barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeidar godt på tvers av etatar og faggrupper. Dette er eit samarbeid Mo og Øyrane vgs er med i. Samarbeidet handlar om å kjenne til kvarandre sine oppgåver og korleis ein kan samarbeide til det beste for elevane våre. 

 

 Dei er ute på skulebesøk for å:

  • Å vere i dialog med ungdom i kommunen
  • Vere synlege og kjente fjes 
  • Bli kjent med skulane

Det er ikkje skjedd noko fordi om denne gjengen dukkar opp i sentrum, på skulen eller andre stader dei er gjerne berre innom for å helse på.

På bildet f.v: Helene Thomasen (student hos Psykisk helse og rus), Odd Helge Vågseth (ungdomskontakt i politiet), Tove Nedrebø (utekontakt), Eirik Skaar Døskeland (Psykisk helse og rus)