Deltakere Erasmusprosjektet foran en bygning i Joniskis i Litauen

Deltakerene samla

Besøk til Litauen 17 - 24 april

Delar av elevane i VG2 landbruk og gartnarnæring, VG2 hest og hovslagar og VG3 studieførebuande naturbruk er med på eit internasjonalt prosjekt mellom Litauen, Tyskland og Noreg. Ti elevar, saman med to lærarar frå kvart land skal samlast ei veke i kvart land. Hausten 2017 var dei samla i Wurzen i Tyskland, der var temaet arbeidsleirar frå alle tyske okkuperte land i Europa. Denne gongen var dei same elevane samla i Joniskis i Litauen for å lære meir om Holocaust.

Dette prosjektet har vore ei lærerik oppleving for både lærarar og elevar. Prosjektet har ført elevane som er involvert nærmare saman og ført til eit opna syn på korleis kultur, språk og tradisjonar høyrer saman i dei ulike landa. Elevane har blitt meir integrerte i verdssamfunnet og fått ei større forståing av korleis dei ulike landa løyser ulike verdsproblem.

Bilde av ei samling av kors med veg gjennom

Elevane har arbeidd med prosjektet på ulike måtar. Elevane utvikla kompetansen sin til både temaet dei arbeidde med, landbruk og kulturen i landet. Dei har blandt anna vore innom synagoger og kloster for å utvikle kunnskapen om religion. Det kjente „Hill of Crosses“ var dei òg innom, berre for å nemne nokon. Det var mange interessante stadar som elevane besøkte og det vare eit unikt land å opphalde seg i.

to damer og rektor Trygve foran et minnesmerke i stein

Neste og siste samling blir på Mo og Øyrane vg. skule, Mo, i Mai. Då er temaet „Dei norske krigsbarna-Lebensborn“. Vi ser fram til denne samlinga og trur dette vil bli lærerikt for alle. Vi vil takke for det gode samarbeidet her til og ynskjer at dette held fram i lang tid framover.