Mo og Øyrane vidaregåande skule
Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Ledige stillingar ved Mo og Øyrane vgs

Skulen har fleire ledige undervisningsstillingar

vi har følgande ledige stillingar frå 1.8.2019

Undervisningsstilling i inn til 100% på bygg og anleggsteknikk.
Undervisninga vert hovudsakleg programfag på Vg1, men må pårekna oppfølging av elevar som har praksis i bedrift.

Krav om kompetanse:

  • Fagbrev og allsidig røynsle frå bygg- og anleggsbransjen.
  • Høg realkompetanse innan sitt fagområde, dvs. at ein kan undervise både i teori og praksis og følgje opp elevar under opplæring i bedrift.
  • Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing.
  • Undervisningskompetanse og kompetanse innan tilrettelagt opplæring er ein fordel.
  • Gode datakunnskapar

Søknadsfrist 9.7

50% undervisningsstilling på Service og Samferdsle 

Krav om kompetanse:

  • Krav om undervisningskompetanse innan Service og Samferdsle – Bachelorgrad eller tilsvarande. 
  • Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing.
  • Relevant praksis innan Service og Samferdsle er ynskjeleg. 
  • Gode datakunnskapar

Søknadsfrist 18.7

 50% undervisningsstilling innan fagområdet Transport og logistikk 

Krav om kompetanse:

  • Undervisningskompetanse innan Transport og logistikk
  • Fagbrev innan yrkessjåfør og/eller logistikkmedarbeidar.
  • Relevant praksis innan yrkessjåfør og/eller logistikkmedarbeidar 
  • Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing.
  • Gode datakunnskapar

søknadsfrist 18.7

Stillingane på Service og Samferdsle og Transport og logistikk kan kombinerast. 

Fast stilling med undervisning innafor hagebruk og yrkesfagleg fordjuping.
Undervisning er i hovudsak lagt til Vg1 og Vg2 nivå. 

Kvalifikasjonar
Vi ynskjer oss ein person med gartnar utdanning eller høgskuleutdanning innanfor plantevitenskap. Erfaring frå gartneri vil vere ein fordel. For å vere kvalifisert til undervisning i vidaregåande opplæring er det krav om minimum 2 års yrkesteoretisk utdanning og minimum 4 års relevant yrkespraksis etter vidaregåande opplæring. Kjem du frå universitet/høgskule må du minimum ha bachelor grad eller tilsvarande innanfor aktuelt fagområde. Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing. Søkjarar som manglar formell kvalifikasjon, kan verte tilsett på vilkår om at manglande kvalifikasjonar vert oppfylt.

Søknadsfrist 18.7

Intil 100% stilling som miljøfagarbeider.
Vi treng ein person med fagbrev og praksis innan Teknikk og Industriell produksjon (mekaniske fag). Som miljøfagarbeider er du med som hjelpelærar i gruppa eller har oppfølging med praktiske øvingar for enkeltelevar eller mindre grupper. 

søknadsfrist 18.7

Du finn meir informasjon om stillingane, samt søknadsskjema her

 

 

Tips ein ven Skriv ut