gert

Årets Entreprenørskaps- lærar Sogn og Fjordane

Ungt Entreprenørskap deler årleg ut prisen og i år vart Gert Runar plukka ut blant over 40 lærarar som hadde ungdomsbedrifter i sine klassar skuleåret 2018/2019. 

Han får prisen fordi han år etter år har engasjert elevane sine i viktig entreprenørskapsarbeid.  Gert Runar har dreve ungdomsbedrift i sine klassar kvart einaste år sidan år 2000. Det er ikkje mange lærarar som kan vise til ei slik merittliste lokalt og heller ikkje nasjonalt. Vi er imponert over denne mannen som år etter år går på med 100% innsats ved å legge til rette for denne viktige læringsarenaen for sine elevar. Det er mange elevar som har mykje å takke Gert Runar for og me er alle stolte over læraren vår.
Tips ein ven Skriv ut