Jon Rognlien

Omsettarverkstad for 3.klasse

Den kulturelle skulesekken

Tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna? Onsdag 28. februar skal elevane i 3. klasse ha verkstad med omsettar Jon Rognlien.

Med utgangspunkt i TV- serien «Big Bang Theory» skal elevane lage eiga omsetjing og  

finne eigne løysingar. Dei får drøfte kulturskilnadar i banning på norsk og engelsk, lære

om dei fyrste omsetjingane av Bibelen og Koranen, og diskutere grunnleggjande spørsmål knytte til språk.

 

Omsetting og omsettingsfeil
Vi les stadig omsette tekstar, på nettsider, i aviser og i rettleiingar. Vi les tekstingar i filmar og TV-seriar og ikkje minst les vi omsette tekstar i litteraturen. Men er vi bevisste på kva som kan skje i overgangen frå eitt språk til eit anna? Kulturhistoria viser oss ei rekkje døme på omsetjingsfeil som har fått stor betyding, og som understrekar at ei omsetjing aldri kan vere objektiv: dei er utførte av menneske med eigen personlegdom, med eigne tankar og verdiar.

 

I verkstaden tek Rognlien opp mellom anna desse spørsmåla. Innsikt i omsetjing kan vere interessant, nyttig og inspirerande i mange fag  – norsk og framandspråk, samfunnsfag, mediefag, musikk og drama.

Vel  møtt til verkstad og språklege forvandlingar!

Les meir

·         Les meir om «Språklege forvandlingar»

·         www.skulesekken.no

·         Den kulturelle skulesekken på Facebook

 

 

For meir informasjon:

Trygve Apalset

rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Storehagen 1B, 6800 Førde

Trygve.Apalset@sfj.no

mob: +47 41530883

 

Foto: Jon Rognlien, fotograf Bente Bjerke.