Mo og Øyrane vidaregåande skule
ungdomscampmo[2]

Det vert ungdomscamp på Mo, 21.-25. juni 2021

Det vert ungdomscamp på Mo 21. juni - 25. juni. Frist for å søke er 1. juni.

Mo og Øyrane vidaregåande skule har i forbindelse med koronautbrot kontakta kommunelege Øystein Furnes om moglegheiter for å arrangere ungdomscamp i juni. Etter å ha fått godkjent ein  smittevernplan for arrangementet, er det med glede vi inviterer ungdomsskuleelevar frå 8. og 9. klasse til ei veke med ungdomscamp på Mo. Ungdomscampen er i veka etter skuleslutt; 21.-25. juni.  

 

NB! For at elevar frå heile gamle Sogn og Fjordane skal kunne delta, må ein vere komen i nivå 3 av nasjonal opningsprosess. Om ikkje vil campen vere open for deltakarar frå Sunnfjord kommune, og vi må ha eit atterhald om nok deltakarar for gjennomføring. Vi tek i mot fortløpande påmelding, og vil kome med endeleg info i rimeleg tid før campen startar.

 

Innhaldet i ungdomscampen vil vere praktisk retta med ulike aktivitetar innan landbruk. Stell av husdyr, skogbruk, fisking, riding og bruk av maskiner og reiskapar er noko av det du får vere med på. I tillegg vert det lagt opp til aktivitetar i skog og mark og på kveldstid. Skulen stiller med godkjent verneutstyr for aktivitetar i skogbruk og støvlar og kjeledress til bruk i husdyrbruket.

 

Campen legg opp til ei opplevingsrik og allsidig veke i trygge og flotte omgjevnader på Mo. Skulen har internat for overnatting og matservering, så ungdomsskuleelevar frå heile fylket kan ta del. Det er plass til 20 elevar på ungdomscampen i 2020.

 

Frist for påmelding er 1. juni.

 

Tilbodet er gratis! :-D

 

Informasjon finn ein også på heimesida til skulen https://www.moy.vgs.no/

Påmelding på: https://vlfk.pameldingssystem.no/ungdomscamp-pa-mo-2

 

For meir informasjon kontakt Ingjerd H. Vetti på tlf 41512248 eller ingjerd.hogseth.vetti@vlfk.no