Draumeskulen

Draumeskulen

På Mo og Øyrane vidaregåande skule ynskjer vi gode klassemiljø og eit godt skulemiljø. Eitt av tiltaka våre er draumeskulen. Vi har omlag 40 elevmentorar som er vg2 elevar. Dei er med og ynskjer nye elevar på vg1 velkomne og følgjer klassane gjennom skuleåret med opplegg for å bygge godt klassemiljø. Draumeskulen er utarbeidd av organisasjonen Vaksne for barn.

I friminutt og fritimar har elevane av og til aktivitetar eller serverer noko godt.

På internatet vil det dei første to vekene vere aktivitet på kveldstid, og utover året vil elevmentorane også ha nokre aktivitetar på kveldstid.

Resursgruppe:
Kari Ann Bruland, Pedagogisk leiar
Liv Jorunn Sellevold, Miljøkoordinator
Tor Emil Gøringbø, pedagog
Camilla Juvik, pedagog
Kjetil Veien, pedagog
2 Elevrepresentantar

Video frå draumeskulen

 

Bilder frå draumeskulen sine arrangement