Gut som arbeider med kablar i nettverksskåp.

Gut som arbeider med kablar i nettverksskåp.

Elektro og datateknologi

Er du praktisk anlagt og er nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.

Du som vel elektrofag må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn. Utdanningsprogrammet fører fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehald av elektroniske system. Det blir stilt strenge krav til kvalitet, sikkerheit og dokumentasjon.

Her finn du film om elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi er eit yrkesfag, og Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller ingeniørutdanning ved høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

På Gnizt.no, kan du verte meir kjent med fagområdet til elektro og datateknologi

 

 

IMG_2861_1024x768.JPG

Elektro blokka. Fotograf Magne Sellevold.

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar EL, SS, HO

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 916 94 011

facebook logo.png 

Mo og Øyrane Elektro

Relaterte lenker