Mo og Øyrane vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Elev-PC 2020/2021

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin. 
Bestillingsportalen opnar 6.7.2020

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.

Du kan velje:

  • å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
  • kjøpe subsidiert elev-pc gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune

Programvare, brukar og systemtilgang

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til Microsoft Office 365, G-suite for Education og andre program som du treng i undervisninga så lenge du bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Du får informasjon om korleis du lastar ned programvara på skulen. Maskina må oppdaterast jamleg.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS rett før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.

Ver merksam på at det i enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk og elektrofag) kan vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det standardmodellen har. Ta gjerne kontakt med skulen din for å sjekke kva dei tilrår til ditt utdanningsprogram.

Meir informasjon finn du på heimesidene til Vestland fylkeskommune