Elevtenester

Draumeskulen

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene skulen har for elevane.

Elevtenesta er elevane sitt støtteaparat på skulen

  • miljøkoordinator
  • rådgjevar
  • rådgjevar for tilpassa opplæring
  • helsesjukepleiar

 

Dette er tilsette på skulen som har ansvaret for den oppfølginga av elevane som ikkje handlar om å gje dei undervisning.

Vi har tett samarbeid med Rettleiingstenesta (PPT og OT/Oppfølgingstenesta) og jobbspesialistane og NAV.

Nokre av oppgåvene våre er:

  • lågterskeltilbod for elevar som har behov for ein samtale
  • forebyggande arbeid for å skape trivsel og godt læringsmiljø
  • gje råd og karriererettleiing
  • sosialpedagogisk arbeid
  • hjelp til søknad for neste skuleår, og søknad om særskild tilrettelegging av eksamen
  • rådgjevar for tilrettelagt opplæring skal rettleie i saker som gjeld spesialundervisning og særskild språkopplæring.
  • helsesjukepleiar gjer råd om helse, oppfølging og eventuelt tilvise vidare
  • vere med i møte i overgangen ungdomsskule – vidaregåande skule
  • vere med på avklaringsmøte dersom elevar ønskjer å redusere skuletilbodet eller slutte
  • samarbeid med ytre etater
  • kontaktskapande arbeid – elevdemokrati og elevmedverknad


Elevar får ikkje registrert fråvær i møte med oss. De får med ein dokumentasjon på at de har vore til samtale.

De kan oppsøke oss med eller utan avtale. Sjå kontaktinformasjon under, eller kontakt oss på teams.

Studspes.jpg

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.

Bowling i regi av miljøkoordinatorane

Miljøkoordinator

Miljøkoordinator jobbar for og med elevar og legg til rette for aktivitet, elevmedverknad og er ein å prate med. Det skal vere låg terskel for å ta kontakt.

Elevrådet

Elevrådet skal ta opp saker som du som elev synst er viktige. Det blir valt nytt elevrådstyre kvart skuleår. Elevrådet er eit talerøyr,  jobbar for godt læringsmiljø og elevvelferd. Elevrådet har møter med leiinga på skulen.

Treng du plass å bu

 

Biblioteket

Mo og Øyrane vidaregåande har bibliotek på begge skulestadane. 

 

Kantine.jpg

Noko å spise?

Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei  kantine med stort utval av både mat og drikke.