Rettleiingstenesta

Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år.

For deg som:

  • Ikkje har søkt skule- eller læreplass i vidaregåande opplæring
  • Ikkje tek imot skule-eller læreplass
  • Ikkje er i varig arbeid
  • Sluttar på skulen i løpet av skuleåret, eller avbryt lærekontrakt

Kva kan Oppfølgingstenesta gjera for DEG?

I samarbeid med vidaregåande skular og NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) kan OT gi rettleiing i høve opplæring/arbeid. OT har kontorplass i Concord bygget.

OT kan mellom anna hjelpa deg med:

  • Praksisplass
  • Ordinær skuleplass
  • Deltidsplass
  • Kombinasjon skule/arbeid
  • Søknad til vgo



Kontakt

Roger Kløvtveit
roger.klovtveit@vlfk.no
mobil: 96930505

Vegard Farstadvoll
vegard.farstadvoll@vlfk.no
mobil: 45739832

Alle som har tilknyting til vidaregåande opplæring – elevar, lærlingar, lærekandidatar, foreldre, lærarar, faglege leiarar – kan ta kontakt med PP-tenesta og søkje hjelp der. PP-tenesta gir råd og rettleiing om problem av både personleg, sosial og fagleg karakter.

Tilvising kan gjerast i samråd med rådgjevar/rådghjevar for tilpassa opplæring

Jørn Helgheim: 

ansvarleg for:

  • Teknikk og Industrifag
  • Bygg og anleggsteknikk
  • Elektro og datateknologi

 

Tonje Lødøen Hove

ansvarleg for:

  • Sal, service og reiseliv
  • Helse- og oppvekstfag

 

Lill Anett Juvik

ansvarleg for:

  • Restaurant og matfag

 

Torgrim Rødvik

ansvarleg for:

  • Naturbruk
  • Anleggsteknikk

 

Kontor/samarbeidstider på skulen:

Tigjengelege på skulen hovudsakeleg onsdagar og torsdagar

Kontakt

Jørn Helgheim
jorn.helgheim@vlfk.no
mobil: 477 96648

Tonje Lødøen hove
tonje.lodoen.hove@vlfk.no
mobil: 47790641

Lill Anett Juvik
lill.anette.juvik@vlfk.no
mobil: 95930505

Torgrim Rødvik
torgrim.rodvik@vlfk.no
mobil: 94930505

 

Alle elevar har i dag rett til opplæring i vidaregåande skule. Mo og Øyrane vidaregåande skule skal vere ein inkluderande skule, der vi prøver å leggje til rette for alle elevar.

Dei fleste elevane får oppfølging i klassane, men for nokon vil det vere naudsynt med t.d. ein timeplanfesta oppfølgingstime/samtale med kontaktlærar, eller undervisning i ei mindre gruppe.

Skulen har ein spes.ped.-base (AKT-Arbeids-og kvardagstrening), der vi gir eit spesialpedagogisk tilbod på tvers av klassar og klassetrinn. Alle elevar søkjer eit programområde, og høyrer til i ein klasse. Elevar med t.d. utviklingshemming kan ha større eller mindre delar av skuleveka knytt til basen, der vi m.a. kan ha opplegg innan ADL (aktivitetar i dagleglivet), undervisning i fellesfag i små grupper, eventuelt alternative  tilbod utanfor skulen (t.d. terapibasseng/garden på Mo)

Det er eit tett samarbeid internt på skulen mellom miljøkoordinator, helsesøster, rådgjevarar og rettleiingstenesta (PPT/OT – Pedagogisk psykologisk teneste/Oppfølgingstenesta).

Rådgjevar for tilpassa opplæring har ansvar for det formelle rundt elevar som skal ha IOP (Individuell opplæringsplan), at denne blir skreve, og at det blir skreve årsrapportar i juni, og at at skulen deltar på samarbeidsmøte, ansvarsgruppemøte, og overføringsmøte, og at vi hjelper elevar i søknadsprosessen (søknadsmøte) for komande skuleår, i samarbeid med m.a. PPT.

PP-tenesta i Vestland

Rådgjevar tilpassa opplæring

Eirik Dahl

undervisningsstilling

All vidaregåande opplæring skal tilpassast dei evnene og føresetnadene som den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten har, og skulane og lærebedriftene skal nytte varierte arbeidsformer.

Særskilt tilrettelagt opplæring

Du som treng særskilt tilrettelagt opplæring høyrer til i ein klasse og på eit programområde. Ut frå behov og føresetnader er opplæringa lagt til Læringshjørnet (individuelt eller i gruppe), til verkstad, klasserom eller eventuelt alternativ opplæringsarena.

Hovudmålet med opplæringa er å gje individuelt tilpassa og tilrettelagt opplæring som gir deg dugleik og kompetanse for vaksenlivet. Vi arbeider for å gje deg ein strukturert og oversiktleg skulekvardag, og legg vekt på å skape forståing for samanhengen mellom teori og praksis ved å setje læring inn i ein konkret samanheng.

Arbeidstrening, med fokus på korleis det er å vere i eit arbeid og krav i arbeidslivet, kan vere  eit alternativ for deg i kortare eller lengre periodar. Arbeidstreninga kan vere på eller utanfor skulen.

Vi legg vekt på :

  • dine ressursar
  • inkludering
  • almendanning
  • samspel, kommunikasjon og utvikling av samarbeidsevne
  • meistring
  • verdigheit
  • kosthald og helse

Det vert utarbeidd individuell opplæringsplan (IOP). Ved avslutta vidaregåande opplæring får du eit kompetansebevis med vedlegg som gir oversikt over din oppnådde kompetanse.

http://www.sfj.no/saerskilt-tilrettelagt-opplaering.353844.nn.html

Vanlege utfordringar:

Dysleksi

Du treng oppdatert dysleksiattest (som du får hos PPT).

Du får mellom anna hjelp med installering og bruk av skrivestøtteprogram (Lingit, CD-ord, Textpilot). Hugs å ta med eigen lisens frå grunnskulen om du har.

Minoritetsspråkleg

Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.

Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregåande opplæring.
Er du nykomen innvandrar med rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova, bør du ta norskopplæringa før du byrjar i vidaregåande skule. Nærare informasjon får du i bustadkommunen din.

  • Dersom du har språklege problem, kan du ha rett til å bruke meir enn tre år på opplæringa. Sjå Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar.
  • Du kan òg få tilbod om eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar / førebuande Vg1 før inntak til eit ordinært Vg1. Dersom du tek eit slikt innføringsår, bruker du ikkje av den treårige opplæringsretten. Hugs at den treårige retten likevel må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.

Inntaksreglar for søkjarar med behov for tilrettelagt opplæring

Særskilt tilrettelagt opplæring:

Vedleggsskjema for søknad til vidaregåande opplæring, samt meir informasjon og handbøker

Elevar med dysleksi kan få fritak frå framandspråk. 

Eigne opplæringstilbod og læreplanar

Det er utarbeidd eigne opplæringstilbod og læreplanar for elevar som er

Spesialundervisning

Elevar og lærekandidatar som ikkje har eller kan få utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

Tilrettelagt opplæring på vilbli.no