Fossen 1024x384

Elevbesøk frå Sverige

Elevar frå Ösby Västmanlands Naturbruksgymnasium kom på besøk til Mo søndag den 7. mai.

Måndag drog 5 av elevane vidare til Svanøya, ettersom dette er eit fellesprosjekt med hjortesentret. Dei som er på Mo fekk informasjon om skulen og kva opplæring dei skulle ha denne veka, etter å ha vore med på garnfiske i Movatnet. Fisken vart foredla til fiskeburger med prøvesmaking torsdag kveld.

Elevar ved fossen

Elevane frå Sverige går på programområdet hest og har difor vore mest å sjå i hesteavdelinga første delen av veka. Mot slutten av veka blir det både fjøsstell og hagebruk. På fredag kveld samlast alle på Svanøya for felles retur til Sverige laurdag morgon.