Supphellabreen

Elevsamarbeidsprosjekt 2017-2018

Felles historie felles framtid I Europa

logo skuler
 
Fra 24. til 31.Mai 2018 hadde elevsamarbeidsprosjektet mellom Tyskland (Vocational School Centre Wurzen), Litauen (Joniskio zemes ukio mokykla) og Norge (Mo og Oyrane vidaregaande skule) sin avsluttende samling i Førde. Her var det historiske temaet å få dypere innblikk i skjebnen til dei norske barna som ble del av Nazistenes Lebensborn prosjekt. Prosjektgruppa fekk også møte ei gruppe frå UWC med forskjellig bakgrunn frå heile verda og deira oppleving av korleis man vert mottatt i Noreg som «annerledes». Det vart også tid til eit lite innblikk i norsk matproduksjon både tradisjonell og økologisk. Prosjektgruppa besøkte eit mjølkebruk i Sandalen der dei også har eige kraftverk og fekk ei kort innføring i småkraftproduskjon. Det vart også eit besøk på Astruptunet med omvisning og guiding.
På Sogn Jord- og hagebruksskule I Aurland fekk vi innblikk i korleis man produserer den beste komposten og korleis teke best vare på jordsmonnet. Ved skulen er det også gitt eit tilbod til flyktningar slik at dei kan dyrke sin eiga lille hageflekk.
 
Under opphaldet ved Mo og Øyrane vgs fekk prosjektet besøk av Torleiv Blatt, leiar av foreninga for Lebensborn – Norge. Han heldt eit meget interessant føredrag om Lebensborna generelt og om si eiga historie spesielt. Det vart også tid til eit besøk på Stalheim Hotell, som var nytta som eit Lebensborn heim under 2.verdskrig. Der møtte vi Ingrid Tønneberg, eigar av hotellet som kunne fortelje om korleis hennar far og søsken opplevde tida da nazistene styrte hotellet og korleis dei prøvde å hjelpe barna som var internert der. Vi fekk også eit innblikk i kor hjarteskjerande norske myndigheitar behandla «kjærleiksbarna» i ettertid. Eit klassisk eksempel på «å verte straffa for fedrenes og mødrenes syndar.”
 
Elevane vart introdusert for eit interaktivt opplæringsspill for mobil – «My child – Lebensborn» Kor man adopterer eit lebensborn og må ta etiske val i dagleglivet for korleis dette barnet skal fostres opp.
 
Supphellabreen
På fritida vart det tid til besøk i bokbyen i Fjærland og til nokre av breane i fylket. I tillegg til bading i Movatnet og grilling om kveldane og fleire flotte fjellturar i og omkring Førde.
 
Etter 3 vellykka samlingar i løpet av skuleåret 2017-2018 har elevane knytt nære band på tvers av språk og kulturforskjellar. Dei har fått sjå at dei fleste land har mørke delar i sin nyare historie som det ikkje snakkas om og dei har fått sjå at med kommunikasjon, aksept, respekt og forståing, kan dei påverke framtida i eit felles inkluderande Europa, der alle er velkommen. 
 


Presse kontakt:
Tyskland
Jella Witting
015751441588
jellawitting@gmx.de

 
Litauen
Eglė Monkūnaitė
Emonkunaite@gmail.com
+37062128781
 
Norge
Ronny Nymark Johannessen
Mo og Øyrane vgs avd Mo
ronny.nymark.johannessen@sfj.no
+4795912975
 
Prosjektet tilhøyrar Students Meeting Project 2017-18 of the Vocational School Centre Wurzen.
Prosjektet får støtte frå Erasmus+Program YOUTH in Action of the European Commission.
Prosjektet er ein del av  EUROPEANS FOR PEACE programmet, med støtte frå organisasjonen ” REMEMBERANCE; RESPONSIBILITY AND FUTURE” (EVZ). Meiningane som er ytra her og i løpet av prosjektet er forfattars eiga meining og ikkje nødvendigvis den som EVZ står for, og dei må sjølve stå til ansvar for innhaldet.
Prosjektet vil også take for støtta frå Sparkasse Muldental.
sponsorer