Mo og Øyrane vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering/Erasmus Partner Murcia
Erasmus + logo

Erasmus + logo

Murcia Spain (in norwegian)

Den sjølvstendige regionen Murcia ligg i den sør-austre delen av Spania og grensar mot Castile-la-Mancha i nord,  Valencia i aust, Middelhavet i sør og Andalusia i vest.  Regionen er 11 314 km2 og i 2001 hadde den 1 190 378 innbyggjarar.  Folketettleiken er på 105,2 innbyggjarar per km2, for resten av Spania er den på 81,3 innbyggjarar per km2.  Det høge folketallet per km2 skuldast at mange utlendingar,  buset  seg i regionen på grunn av det gode klimaet.

Landskapet i regionen er svært variert fra 170 km kystlinje via oppdyrka sletter til fjellområde i nord. Det høgaste punktet i Revolcadores massif er 2.027 m høgt. På tross av låg nedbør (ca 250 mm) er regionen ein av dei mest fruktbare i landet og blir derfor kalla Spanias kjøkkenhage.  Store areal rundt regionens hovudstad Murcia er irrigert med vatn frå Rio Segura. Det blir dyrka korn, druer, appelsiner, sitronar, aprikos, oliven, mandlar og melonar på småbruk (minifundios). Området blir kalla huerta, frukthage, og ligg mellom to parallelle fjellområde. Elva Segura renn gjennom dette området på veg til havet.

Ein stor del av industrien foredlar jordbruksprodukt, særleg i området rundt hovudstaden Murcia.  Det er silkeindustri i området. Denne industrien har tradisjonar tilbake til maurisk tid. I tillegg er det og tekstilindustri i området. Cartagena er det viktigaste industrisenteret i regionen med oljeraffineri, skipsverft, koparsmelteverk med meir. Kysten har betydeleg turisme, mellom anna saltvatnslaguna Mar Menor.
Murcia har førekomstar av sink, bly, kopar, tinn og salt.

 

Området har vore bebudd i 1.500.000 år.
Det har alltid vore eit viktig økonomisk og politisk senter i Middelhavet.
Romarne regjerte der frå år 209 i ca 500 år, fram til  år 713 då området blei overteke av maurerane. Under araberane sitt styre ble sletta som elven Segura renn gjennom bygd ut med omfattande vatningssystem, kanalar, dammar og vasshjul. Dette la grunnlaget for betre landbruksdrift i det tørre området.
Det er tre viktige område for vindyrking i Murcia: Jumilla, Yecla og Bullas.
Drua Monastrell er mest brukt i dei raude vinane fra området, men blir og blanda med andre druesortar som Cabernet Sauvignon, Merlot og Syrah.
For kvite vinar blir det dyrka mest Macabeo- og Chardonnay-druer.
I 825 blei byen Murcia grunnlagt av mauraren Abd-Al-Rahman II.  Den blei då provinshovudstad i kalifatet Córdoba, og var i 1063-1243 hovedstad i det sjølvstendige kongedømmet Murcia.
Byen vart grunnlagt midt i den fruktbare dalen ved elva Segurio.
Byen sin forsvarsmur viser kor viktig byen var under maurisk styre. Den var 15 meter høg og hadde 96 tårn. Ein kan framleis sjå restar av den gamle muren, gamle bygningar og dei gamle vayningskanalane frå maurisk tid.
Mellom 1600 og 1800 byrja byen å vekse utanfor murane, og i denne perioden blei det og bygd fleire katedralar i barokk stil. Mange av dei religiøse skulpturane i kirkene ble skore ut i tre av Francisco Salzillo.

 

Byen sitt universitet blei grunnlagt i 1915.
 
Byen har ein vakker katedral med eit klokketårn på 96 meter (nokre kjelder sier 146 m) som kan sjåast over store område. Tårnet har 25 klokker.
På nordsida av den arabiske bymur er det eit romersk teater oppkalla etter ein berømt sodespelar fra området, Julian Romea.
Kyrkja "Nuestro Padre Jesus" har ei berømt julekrybbe med 556 figurar og 8 prosesjons"flåtar" som brukast i den religiøse festivalen.
Casinoet i byen vart grunnlagt i 1847 har ein nydeleg maurisk patio, eit hyggelig bibliotek og ein flott ballsal i nybarokk stil.
Santa Ana-kyrkja er vakker arkitektur, og her kan ein kjøpe nydelege kaker som er laga av nonnene.
Det kan også anbefales å ta ein tur til Biskop-palasset som ligg ved katedralen.
Byen har flere interessante museer. Det mest kjente er Salzillo museet med  treskulpturar av Francisco Salzillo, født 1707.
Murcia er kjent for sine festivalar.
Karneval i midten av februar.
Påskefestivalen begynner fredag før påske. Det er religiøse prosesjonar dei fleste dagar i påskeveka.
Den mest kjente festivalen er vårfesten "Bando de la Huerta", kor ein mellom anna kan sjå gamle hus og tradisjonar i huertas-området. Det er og framsyningar, og reklamen seier at festivalen er ein eksplosjon av liv.. I gatene er det store prosesjonar der  oksar dreg  "flåtane".
I september arrangerast mellom anna festivalen "Romeria" til minne om jomfru Marias kroning.
Du kan lese meir om festivalene og Murciaområdet generelt på denne sida:

 

http://www.murciaturistica.es/

Reklamefilm frå Aguilas i Murcia

Rapport Murcia 2016