Gjesteførelesarar frå Mediebruket saman med 2SSA og 1SEA

Gjesteførelesarane Endre Erdal og Oda Holmelid Sandvik saman med 1SEA og 2SSA

Facebook likar ikkje banning

Positive ord gjev høg rating på Facebook, medan bannord eller andre negative ord gjer at Facebook drar innlegget ditt ned på sida. Dette og mange andre tips fekk klassene på Service og Samferdsle lære då vi hadde gjesteførelesarar frå Mediebruket onsdag denne veka.

 

 

Tema var digital marknadsføring og korleis vi best muleg kan posisjonere oss slik at kundane finn oss og handlar i nettopp vår nettbutikk. Endre Erdal og Oda Holmelid Sandvik er begge trainear hos Mediebruket og delte spennande kunnskap på kvar sine område.

- Det er ikkje så ofte vi er ute av kontoret og gjev denne typen førelesningar, men det var kjekt å møte klassene, og det verkar som om dei var lydhøyre. - Vi kjem gjerne igjen på eit anna tema ein annan gong, avslutta dei.

 

Endre Erdal i presentasjon

Endre Erdal frå Mediebruket

 

Oda Holmelid Sandvik som forelesar

Oda Holmelid Sandvik frå Mediebruket