Harald Løtuft og Finslands Norgrima : stemneleiar Fjordhest- NM, Leiar i Sunnfjord Fjordhestlag,  lærar i hestefag ved Mo og Øyrane vgs.

Harald Løtuft og Finslands Norgrima : stemneleiar Fjordhest- NM, Leiar i Sunnfjord Fjordhestlag, lærar i hestefag ved Mo og Øyrane vgs. Fotograf: A.M Årdal

Fjordhest- NM 2016

Fjordhest- NM 2016 på Mo er ved vegs ende og eventyret har vart i 6 dagar.

For 30. året er det lagt ned dugnadsarbeid, sponsorpengar og hesteinteresse i eit av hestesportens største arrangement i Noreg. Nasjonalhesten viser seg frå si beste side og publikum har fått sett dei beste og mest allsidige hestane som fins i eit stort norsk meisterskap på det flotte anlegget på Mo.

Fjordhest- NM

134 startande ekvipasjar har vore gjennom 6 dagar med glede, spenning og action. Fjordhest- NM vart første gong arrangert i 1986 på Mo i Førde og det er tydeleg å sjå kor positivt stemnet har utvikla seg gjennom desse 30. åra.

Korleis arrangere store stemner over mange dagar?

Harald Løtuft er stemneleiar i lag med Toril Øvrebø og Monica Gjøringbø har dradd i hamn eit av dei beste Fjordhest- NM som har vore i løpet av dei 30 åra det har vore arrangert.

Korleis har Fjordhest- NM 2016 gått?

Stemnet har gått ganske så knirkefritt med gode tilbakemeldingar frå folk flest, og frå deltakarmøtet. Det tar ein med seg vidare og lever på gode opplevingar frå veka som har gått. Det har vore spesielt kjekt at det har vore mellom 500 og 1000 besøkande kvar dag, noko som ein har sett igjen i kiosksal og publikum rundt bana. På eit så stort område får ein fordelt folk godt utover, slik at alle får sett det dei vil og har god plass å sitte og kose seg. Fantastisk folkeliv og hestefest! I tillegg har drift av stallar vore utmerka, slik at både hestane har hatt gode tilhøve for å kvile mellom klassane. Det viktigaste på så store hestestemner er trass alt at hestane har det bra.

Som lærar i hestefag på Mo og Øyrane vgs., kor viktig er slike stemner er for hesteutdanninga?

Mange har som mål å starte på Fjordhest NM når dei søkjer seg til Mo og Øyrane vgs. og det er svært kjekt å sjå igjen både noverande elevar og tidligare elevar på Fjordhest- NM. I tillegg er det fleire ting elevane kan jobbe med på førehand av stemnet som går inn under læreplanmåla for hestefaget, slik at dei får førstehands kjennskap til korleis arrangere stemner når dei skal ut i lære og jobbe på stallar rundt om i Noreg seinare. Fjordhest NM i 2008 var kanskje tyngre å arrangere i høve til at området ikkje var så godt utbygd i høve til baner og hinder som ein brukar i sporten, men med massiv innsats frå sponsorar som Magne Hafstad AS i tillegg til flinke elevar har ein fått i stand eit av Noregs beste og allsidige hesteanlegg. Når naturen rundt i tillegg er fantastisk er det få anlegg som kan slå dette. Neste mål må vere å få ridehall, det er eit sakn for både lærarar og elevar, i tillegg til at hestemiljøet i Sunnfjord skulle hatt fleire alternativ om vinteren.

Som leiar i Sunnfjord Fjordhestlag ser ein kor viktig det er at fjordhesten blir vist fram på ein så god måte og at dette aukar marknadsverdien og etterspurnad etter denne fantastiske rasen.

Lærling i hestefaget, NM-lagvinnar og hingstehaldar

Emma Nyløy er lærling i hestefag ved Mo og Øyrane vgs., i tillegg har ho to hestar i trening: Sofin og kaldblodstravaren Bork Jenta som begge står på stall på Mo.

Korleis har Fjordhest- NM 2016 gått?

Over all forventning! Eg har starta med hingsten Sofin og fekk ein 2. plass i MB maraton og laget frå Førde køyre og rideklubb vann NM-lag. Det er utruleg kjekt med blide folk og hyggeleg stemning, og så er ein god hestepassar gull verdt.

Korleis er det å jobbe full tid som lærling i tillegg til å ha heiltidsansvar for to hestar?

Det går veldig fint, det handlar om prioritering, og dette året som lærling og dei kommande åra vil eg prioritere til hest. Det er no eg har muligheita, og då tar eg den! Fjordhest- NM har vore eit godt mål for all trening og gjer at eg har inspirasjon dei dagane det elles er litt kjipt å gå ut i vestlandsvêret og trene hest.

 

Resultat

Vinnarar av Fjordhest- NM Senior  2016

Gull Isabell Engabjerg Øye med Brautar
Sølv Cassandre Bach-Gansmo med Flemming
Bronse Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann

Vinnarar av Fjordhest- NM Junior 2016

Gull Grete Elise Sefland med Vesleljosen
Sølv Lene Bergum Pavenstadt med Engsgutten Storm
Bronse Ane Erdal Byklum med Jakobgardens Vesla

Vinnarar av Fjordhest- NM Lag 2016

Gull Førde Køyre og Rideklubb
Emma Nyløy med Sofin, Harald Løtuft med Finslands Norgrima og Trine L. Paulsen med Fannemels Argon
Sølv Oslo og Akershus Fjordhestlag
Stine A. Heier med Balder Berger, Mia Høiseth med Trønsdals solstråle og Cassandre Bach- Gansmo med Flemming
Bronse Eid Ride og Køyreklubb
Annifrid Ueland med Sæles Loke, Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann og  Miriam Hoddevik med Arn

Vinnar av Fjordhest- NM 4 års BUF 2016

Maren Vevatne med Nesviks Liana

Vinnar av Fjordhest- NM 5 års BUF 2016

Tone Kvaale med Severin

Vinnar av Fjordhest- NM 6 års BUF 2016

Nina Fejerskov med Torset Daysy

Greinmeister Dressur Fjordhest- NM 2016

Ida- Elin Røstad Sunde med Kuling

Greinmeister Sprang Fjordhest- NM 2016

Trine Lillestøl Paulsen med Fannemels Argon

Greinmeister Køyring Fjordhest- NM 2016

Harald Løtuft med Finslands Norgrima

 

NM, gull lag.jpg

Emma Nyløy med Sofin, Trine Paulsen med Fannemels Argon og Harald Løtuft med Finslands Norgrima. Fotograf Astrid Marie Årdal.

Nm2016_1.jpg

NM junior vinnar Grete Elise Sefland med Vesleljosen og NM Senior vinnar Isabell Engjaberg Øye med Brautar. Fotograf: Astrid Marie Årdal.

Nm2016_Julia og Vigdis.png

Fotograf: Astrid Marie Årdal.