Gut i arbeid på butikk får instruksjon av tilsett i butikk med frukt og grønt.
Gut i arbeid på butikk får instruksjon av tilsett i butikk med frukt og grønt.

Ynskjer du å ha YSK lærling?

Skule og næringsliv har gått saman om å opprette eit attraktiv utdanning innan sals- og kontorfaget, under mottoet: Dei beste leiarane har starta på golvet. I løpet av fire år får eleven både fagbrev og studiekompetanse. 

Det er bedriftene sjølv om står for intervju med aktuelle søkarar, medan tilsetjing vil bli gjort i samarbeid med skulen. Opplæringa vert gjort som eit samarbeid mellom skule og bedrift. Dei to første åra vert eleven rekna som elev, medan dei to siste åra får han/ho status som lærling. 

Fordelar med YSK 

  • Søkarane som kjem inn på YSK har eit høgt fagleg nivå
  • Bedriftene får med å velje søkarar gjennom jobbintervju
  • Bedriftene får tilgang til ekstrahjelp i feriar
  • Bedrifta får god kvalitet på arbeidskraft
  • Ved at fleire får fagbrev innan salsfaget og kontor- og administrasjonsfaget er dette med å heve status i faga
  • Bedrifta er med å ta eit fagleg samfunnsansvar ved å bidra til at fleire får fagbrev i yrket. 

For å kunne ta i mot lærling må bedrifta vere godkjent som lærebedrift. Ta kontakt med avdelingsleiar Reidun Kristiansen dersom du har spørsmål. 

Her finn du informasjon om korleis bedrifta di blir godkjent lærebedrift (Ekstern lenkje)

Del dette:

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar elektrofag- og service og samferdsle

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@sfj.no

57 63 74 04 / 916 94 011

facebook logo.png 

Relaterte lenker