Fylkesmeisterskapen i yrkesfag

Foto: Steffen H. Starheim, medium og kommunikasjon, Sogndal vidaregåande skule

Fylkesmeisterskapen i yrkesfag

Mo og Øyrane vgs. stilte mannsterke til yrkesfageleg konkurranse som vart arrangert ved Sogndal vgs. onsdag 14. februar.

Heile 41 elevar frå skulen deltok i 12 av 20 moglege fag. Takk for flott innsats til alle dykk som deltok og som gjorde dagen svært spanande. Ein ekstra stor gratulasjon til Nicolai Ullebø Skår- anleggsmaskinførar, Per Martin Lomheim- bil-skade og lakk, Ole Andreas Bøthun- sveisefag, Sivert Bruland- transport og logistikkfag, Jørgen Rønne Solås -  tømrarfag som nådde til topps i sitt fag.

Gratulerer!