Glasurit Fotokonkurranse 1024x768

Glasurit Fotokonkurranse

Dette skuleåret arrangerte Glasurit ein fotokonkurranse mellom alle skulane i Norden som nyttar Glasuritlakken i undervisninga. Då fristen gjekk ut var det 30.september 18 påmelde med klassebilde.

I føringane låg det at bilde skulle vere "fantasifult og entusiastisk". Fredag 21.oktober fekk vi vite at klassa ved Mo og Øyrane VGS saman med Sam Eyde VGS vart vinnarar av konkurransen. Juryen bestod av 45 personar i BAFS konsernet. Premien er førebels ukjent bortsett frå at det er ein "event" saman med Glasirit sin representant. Heile klassa har delteke i idemyldringa med kontaktlærar Bjarte Nordnes som den kreative leiaren og Arne Klakegg med ansvar for fotografering og redigering i ettertid.