grindverk
grindverk

Grindverkskurs

Skulen har i mange år arrangert grindverkskurs. Gjennom desse kursa har det kome ønskje om å lære seg lafteteknikk. Laftekurs er noko meir ressurskrevjande med omsyn til byggemateriale og planlegging. Ein legg opp til eit 5-dagars praktisk laftekurs (40 timar). Kurset har om lag same innhald som tidlegare utvikla grindverkskurs, men her går det praktiske arbeidet ut på å lafte ein bygning på 3x3 meter. Der er Nedre Jølster Bilelag som stiller med lærar på kurset. Kurset vert avslutta med evaluering og utdeling av kursbevis. Deltakartalet er 8.

 

Del dette:

Relaterte lenker