2BYA foran grisehuset

Grisehus

I vinter har klasse 1 BAA frå Bygg og anleggsavdelinga vår hatt eit spennande og litt uvanleg oppdrag - å lage eit grisehus til minigrisen Junior.

Dei flinke gutane har teke oppgåva alvorleg, og huset er isolert og bygd etter alle kunstens reglar.  Sjølv seier elevane at det har vore lærerikt og kjekt å jobbe med prosjektet, men at inngangsdøra og det hengsla taket ikkje var heilt enkelt å få til. Heldigvis hadde dei faglærar Bjarte Sunde å hjelpe seg, og grisehuset er no på plass. Den heldige grisen ser ut til  å trivast godt i det nye, flotte huset sitt.

Gris Junior