Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Vaksenopplæring/Helse- og oppvekstfag

Helse og oppvekstfag

Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2021/2022 fagutdanning i vg1 Helse og Oppvekstfag og Barne- og ungdomsarbeidarfag for vaksne.

Inntakskrav for studiet er fylte 25 år. For vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag er opptaktskravet bestått Helse- og Oppvekstfag. 

Oppstart

Undervisninga vil føregå i ein eller fleire dagar i veka.Undervisninga vert halde i skulen sine lokale på Øyrane.
Ved studiestart får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Teams og andre dataprogram knytt til programområdet. 
Læremiddel, pc (utlånsavtale) og reiseutgifter er gratis.

Innhald og organisering

Studiet inneheld programfaga Kommunikasjon og samhandling, Helsefremjande arbeid, Yrkesliv i Helse og oppvekstfag og Prosjekt til fordjuping.
Studiet vil som hovudregel bli organisert med undervisningstid frå kl. 08.20 – 15.10 på virkedagar ein eller fleire dagar per månad. Ein må pårekne ein god del tid til sjølvstudium og oppgåveløysing.
Praktiske øvingar, Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøvar dannar grunnlag for standpunktkarakter og framovermelding. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Oppgåvene vert lagde ut i Teams med innleveringsfrist. Lærarane som underviser har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i høve til standpunktkarakter.
Praksiskandidatar skal ikkje ha standpunktkarakter.
I tillegg til Teams, føregår kommunikasjon mellom studentane og den einskilde lærar i faget gjennom e-post og telefon.
Dei dagane undervisninga er på Øyrane, vil ein kunne kjøpe mat og drikke til rimeleg pris i kantina. 

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar helse- og oppvekstfag

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04/ 91694011

Relaterte lenker